Dramatiske utsikter

Kommuneleiinga i Sauda vedtok i slutten av sist veke å gå ut med relativt inngripande smittevernråd for studentar og andre som kjem heim på juleferie. Nye prognosar frå Folkehelseinstituttet, FHI, tilseier imidlertid at dei lokale råda ikkje er spesielt strenge, om ein tar den nasjonale smittesituasjonen med i betraktningen.

For bare nokre få dagar sidan kunne imidlertid rådet om ti dagars karantene for juleferierande synast å vera i overkant strengt, med bakgrunn i smitteutbreiinga lokalt. Pandemien tar imidlertid lite omsyn til kommunegrenser.

I går, måndag, presenterte FHI eit førebels scenario som viser at det om tre veker ikkje lenger er snakk om 3-4 000 smittetilfelle i Norge per dag, men opp mot 90 000 til 300 000 tilfelle per dag, dersom ikkje tiltaka samfunnet set i verk bremsar epidemien betydeleg. I same scenario blir det skissert 50 til 200 sjukehusinnleggingar kvar dag.

Før helga viste tal frå lokale helsestyresmakter at tre av fire smitta saudabuar hadde fått smitten utanfor kommunegrensene. Derfor blir det eit lite paradoks når ei rekke lokale bedrifter avlyser julebordet sitt i Sauda, samtidig som mange saudabuar oppsøker førjulsfornøyelsar i andre kommunar.

«har fått meir enn nok av reglar og pålegg som avgrensar handlefridomen»

Måndag melde Helsedirektoratet om 358 innlagde koronapasientar ved norske sjukehus, det høgaste talet sidan pandemien braut ut. Ein smitteeksplosjon som den FHI skisserer kan bli kritisk for helsevesenet. Kapasitetsproblema vil ikkje bare gå ut over behandlinga av koronapasientar, men forplanta seg til å gjelda heile verksemda, med potensielt store negative konsekvensar som følge av dette. Helse Fonna er alt i dag på gult nivå, korleis situasjonen kan bli med 30-100 gonger fleire smitta, kan ein bare tenka seg.

Etter at samfunnet i haust nesten har vore tilbake til normalen, står me nå foran ei julehøgtid som heller ikkje denne gongen ligg an til å bli som normalt. I skrivande stund er ikkje regjeringa sine nye, varsla tiltak kjende, men alt tyder dessverre på at samfunnet i dei neste vekene vil måtta forhalda seg til inngripande tiltak som vil legga ein dempar på i alle fall den sosiale delen av julefeiringa.

«FHI sine scenario kan best karakteriserast som unntakstilstand»

Sjølv om dei fleste av oss etter kvart har fått meir enn nok av reglar og pålegg som avgrensar handlefridomen og det sosiale livet vårt, synest det nå ikkje å vera nokon veg utanom ein ny runde med dels strenge smitteverntiltak. FHI sine scenario kan best karakteriserast som unntakstilstand. Skal samfunnet unngå å hamna der, krevst det sterke tiltak og innbyggarar som lojalt følger pålegg og oppmodingar.