Same song again, miss Sophie

I fredagsutgåva av lokalavisa får underteikna og Senterpartiet så hatten passar fordi ein meiner alle saker vert avgjort på gruppemøtet til Senterpartiet.

Arbeiderpartiet sin representant er frustrert og ikkje minst provosert over ynskje i frå underteikna om at ein burde koma tidlegare på banen dersom ein vil fremja endring eller tilleggsforslag til saker i kommunestyret.

For min eigen del var henvendinga meint som ei handsrekking til Arbeiderpartiet, slik at ein skulle få betre tid til å undersøkja konsekvensane av desse  forslaga, noko som eg meiner vil gi mykje større trygghet til å stemma for forslaga.

For Arbeiderpartiet  sin del meiner eg og dette ville vore mykje meir taktisk for å få gjennomslag for sine forslag.

Men som kanopadlaren fekk erfara, må ein vera forsiktig med kven ein rekkjer ut handa til, ein kan fort havne uti sjølv.

Eg stiller meg undrande til korleis ein kan uttala at alt verkar avgjort på gruppemøtet til Senterpartiet?

Sosialistisk Venstreparti har fått gjennomslag for oppgradering av uteområde på kommunale skular, og dei har slett ikkje vore på gruppemøte hjå Senterpartiet.

Dei har vore ute i god tid og hatt god dialog før budsjett skulle handsamast i kommunestyret.

Songen Arbeiderpartiet og Høgre syng i lokalavisa er godt kjend for meg ifrå tidlegare tider.

Eg har fleire gode bekjende som har vore  aktive for partiet Høgre i Sauda , og har ved fleire høve fått høyra kor håplaust det var å vera lokalpolitikar i Sauda då Arbeidarpartiet sat med makta.

Alt var nemleg avgjort på gruppemøtet til Arbeiderpartiet og same kor gode forslag ein kom med vart det nedstemd, det var rett og slett ikkje rom for diskusjon.

No gjallar same songen, denne gongen retta mot Senterpartiet.

Arbeiderpartiet har og kasta seg inn i songen og retta kanona som tidlegare var retta mot dei sjølv mot Senterpartiet.

Kanskje er det slik at uansett kven som sit i posisjon  så vil opposisjonen ta fram det gamle politiske songhefte ved ein kvar korsveg der ein ikkje får full støtte for sine saker, ikkje veit eg.

Eg er gjerne med på diskusjonar på sparket, og eg trur det er viktig i eit demokrati at me kan ha det slik.

Eg gler meg til fleire gode diskusjonar med alle mine lokalpolitiske kollegaer, og tek gjerne diskusjonen på gode forslag med god dokumentasjon på behov, konsekvensar og økonomiske følger.

Til sist, trugne leserar som sit hovudrystande til all denne politiske kjeklinga, vil eg ynskje dykk alle ei rektig god julehøgtid.