Ordførar Asbjørn Birkeland.
Ordførar Asbjørn Birkeland. FOTO: Janne Kvanåli.

Godt nytt år alle saman!

Her er ordføraren sin nyttårstale, framført i Sauda kyrkje 1. nyttårsdag.

Vil du heller sjå og høyra ordføraren tala? Det kan du gjera her:

Me har bak oss eit heilt år prega av pandemi. Me er nå vane med smitteverntiltak, men samstundes er me nå leie. For det det går med mykje energi på å heile tida tenka smittevern, setta seg inn i nye regler og å legga vekk dei kjekke tinga me gjerne skulle gjort i lag med andre.

Dei kommunale tenestene brukar og store ressursar på pandemien. I lag med gode frivillige har tilsette i kommunen gjort ein ekstraordinær innsats for å handtera og nedkjempa smitte; testing, smittesporing, vaksinering, smittehandtering i eldreomsorga, sjuke tilsette som gjer at dei friske må trø til ekstra, og ekstra arbeid i barnehagane, skulane og for reinhaldarane. Alt dette samtidig som ein må følga tiltak på fritida. Det er slitsamt over tid. Kyrkja er og eit godt eksempel på utfordringane pandemien gir. Kyrkja skal vera eit rom for samhald, i gode stunder som ved dåp, konfirmasjon og bryllaup, og i tyngre tider som gravferd. Då blir det utfordrande når det er restriksjonar på kor mange som kan samlast. La oss håpa me i 2022 kan starta å legge pandemien bak oss og bruke energien på noko anna.

Men året som har gått har og mange lyspunkt. Lokalavisa har i sin årskavalkade tatt fram mykje av det positive som skjer i Sauda. Det er ingen tvil om at me er inne i ei tid der saudasamfunnet er i ei god utvikling. Det viser også på fødselstala i Sauda, og ordføraren vert ikkje overraska om talet på fødslar i 2021 vil visa det høgaste fødselstalet på over 20 år når statistikken kjem nå på nyåret.

Mykje av det avisa trekk fram skyldast godt politisk arbeid frå fleire frontar over tid. Det er positiv utvikling i hytte- og reiselivsnæringa, blant anna med satsing på gondol og igangsett områdeplan i skisenteret. Oppkøyring for tunge køyretøy for transportlinja til Sauda vgs. og trafikkstasjonen til Vegvesenet består etter at dette vart løfta heilt til Stortinget. Det vart sikra eit fortsatt godt hurtigbåttilbod til Sauda etter stort engasjement hos innbyggarar og politikarar. Fylkeskommunale vegprosjekt i Sauda får prioritet og rykkar framover i køen. Me fekk lagt fiberkabel til folk i Hellandsbygd. Tangen vart utvikla til ein flott sentrumsnær oase og ny pumptrack for sykkel og anna rullande aktivitet vart opna. Arbeidet med Saudatunnel til E134 i Etne viser gode resultat. Alt dette viser at me har lokale politikarar og andre engasjerte i politisk arbeid som vil det beste for Sauda. Og det visar at det gjer ein forskjell å engasjera seg.

Det ligg og mykje god lokal innsats bak alle nyetableringane som er på gong i Sauda. Planar om ammoniakkfabrikk på Birkeland, datasenter i Hellandsbygd, oppdrettsanlegg på land i Sønnåhamn og utviklingskonsesjon til oppdrett på Saudafjorden. Alle desse vil gi nye arbeidsplassar i Sauda, men kanskje viktigast av alt, dei vil gi mykje arbeid til eksisterande bedrifter i Sauda som vil levera varer og tenester til dei nye bedriftene. Kommunestyret sikra fullt trykk på desse initiativa inn i 2022 med å sette av investeringsmidlar og ressursar til næringsutviklingsselskapet For Sauda KF i budsjettvedtaket nå i desember. Og ordføraren håpar på at det vert gjort investeringsbeslutning for ei større etablering med mange arbeidsplassar i Sauda i 2022.

I Sauda har det og vore gode eksempel i året som har gått på gode prosjekt skapt av frivillig innsats frå innbyggarar og eldsjeler som brenn for lokalsamfunnet. Åbøbyens venner har rusta opp Sneaths park, eldsjeler har restaurert og pussa opp Sauda klubb og nå ser det ut til at dugnadsgjengen bak det flotte parkanlegget ved Andedammen kjem til å få på plass ein flott minigolfbane. Alle desse tiltaka krev finansiering, og det er heldigvis mange som vil investera kapital i tiltak skapa av frivillige som legg til rette for bruk av alle. Sauda kommune er med i Ryfylkefondet, der kommunen skyt inn kapital i lag med Ryfylkekommunane og fylkeskommunen. På denne måten kan Sauda kommune vera med å støtta gode prosjekt med langt større beløp enn om me stod på eigne bein. Alle dei nemnte prosjekta har fått støtte frå Ryfylkefondet.

Innanfor det eksisterande næringslivet i Sauda har det og vore utvikling i året som gjekk. Me har hatt fleire positive etableringar og nye drivarar i Sauda sentrum. Sauda camping fekk nye eigarar, det blei på ny stølsdrift ovanfor Hellandsbygd og det er god utvikling i næringslivet elles i Sauda. Også fleire andre bedrifter fekk nye eigarar som vil satsa i Sauda – det lovar godt. Ikkje minst går smelteverket godt og Eramet investerer i ny teknologi og ei grønare framtid med energigjenvinning, CO2-fangst og tiltak for å redusere utslepp. Dette er tiltak som er midt i leia for den grøne omstillinga heile landet heiar på, og for oss i Sauda tryggjar det ei framtid med full drift på smelteverket.

Me fekk og regjeringsskifte i haust. Nå har landet fått ei raud-grøn regjering og ein ny regjeringsplattform der Sauda vil spela ei større rolle enn før. Ikkje berre er det ein stor fordel med tettare kontakt mellom lokalt styre og regjeringsapparatet når det er dei same partia som sit i førarsetet begge plasser. Men eg må og seie at den nye regjeringsplattforma har mykje i seg som passar Sauda godt. Eg vil her nemna satsing på ny industri og omlegging til mindre klimautslepp og ikkje minst ei tydelegare satsing på distrikta. Sauda har allereie i lag med Suldal tatt initiativ for å få ei rolle når ny distriktspolitikk skal utformast. Me meiner regjeringa må sjå til indre Ryfylke og det gode arbeidet som blir gjort her, med omstilling av eksisterande industri, nyetableringar, samferdselssatsing og eit godt trykk på kompetanseheving og bustadsattraktivitet. Eg håpar me kjem i posisjon til å få ein Bygdevekstavtale med regjeringa som forpliktar til å jobba vidare med dette i lag.

2022 vil bli eit spennande år i Sauda. Kommunestyret gav ein solid marsjordre til rådmann og ordførar i den vedtekne økonomiplanen. Me skal jobba for å frigjer økonomiske rammer til utvikling av Sauda og kommunen skal driftast effektivt og levera gode tenester til innbyggarane. Og det skal gjerast store investeringar i året som kjem. Sykkelsatsinga vidareførast med utvikling av sykkelnettet, me skal bygga tilrettelagte bustader, pussa opp rådhus og kinosal, utbetra kommunale vegar og starta på eit nytt kryss og betre forhold for mjuke trafikantar i og utanfor Nestunnelen. Me har eit svært prosjekt på kloakkreinsing gåande og det skal investerast i vassleidningsnettet. Saudahallen skal utviklast, fjernvarme skal koplast på kommunale bygg, det skal investerast i leikeplassar og skuleområde og enda fleire saudabuar skal få fiber til husveggen. Store oppgåver for kommunen, og mykje godt arbeid til lokalt næringsliv.

Og så skal Sauda fortsette det gode samarbeidet me har med lokale aktørar, nabokommunar, fylkeskommunen, storting og regjering. Dei beste resultata oppnår me når me jobbar i lag.

Så då gjenstår det berre å ønska samarbeidspartnarar og alle andre eit spennande og godt nytt år!