Mykje positivt, trass alt

2021 blir for alltid ståande som eit år prega av ein pågåande pandemi og konsekvensane av denne. Mange og dels inngripande smitteverntiltak var med på å styra livet til saudabuen. Likevel kom året som gjekk med mykje positivt nytt for saudasamfunnet.

Den mest oppsiktsvekkande nyheita dette året var planane om eit produksjonsanlegg for grøn ammoniakk på Birkelandsmoen, som vil kunna gi Sauda 100 til 150 sårt ettertrakta arbeidsplassar. Dei som har levd ei stund, har gjerne erfart at når noko høyrest for godt ut til å vera sant, så er det ofte det. Fabrikkplanane er imidlertid såpass langt kome at kommunen har kjøpt ut ei over 85 mål stor tomt til føremålet. Sauda har tilgang på straum som konkurrerande lokalitetar bare kan drøyma om. Ulla-Førrefondet har løyvd ti millionar kroner til planlegging og Hy2gen, som står bak, legg sjølv endå større summar på bordet for at dette skal bli noko av.

«mykje positivt nytt for saudasamfunnet»

I juni 2021 sende Sauda Aqua søknad om konsesjon for å driva landbasert produksjon av laksesmolt på eit 30 mål stort område i Sønnåhamn. Bare det første av tre byggetrinn kan gi 15-20 lokale arbeidsplassar, og om konsesjonssøknaden går i orden kan det vera snakk om byggestart alt i slutten av 2022. Det er for øvrig ennå liv i planane om fiskeoppdrett på ein lekter i Saudafjorden, også dette eit konsept som kan gi fleire titals arbeidsplassar.

«nyheitene om mulege nyetableringar gir grunn til optimisme»

Samtidig som nyheitene om mulege nyetableringar gir grunn til optimisme, synest det eksisterande næringslivet å takla koronatilværet godt. I løpet av året har Ryfylke presentert 2020-tala frå ei rekke lokale bedrifter. Dei aller fleste har fine plusstal å visa til. Pandemien gir sjølvsagt utfordringar for serveringsbransjen i Sauda som i resten av landet, men endra handlemønster blant nordmenn gir nye mulegheiter både for dei og for handelsnæringa. I dagens avis fortel fleire aktørar om ein god julehandel i år, som i fjor.

Arbeidet med å tiltrekka seg arbeidsplassar går hand i hand med arbeidet for å auka attraktiviteten i lokalsamfunnet. «Smørbrødlista» over aktivitetar blei forlenga med ein pumptrackbane og det blei gitt løyve til bygging av ein minigolfbane i året som gjekk. Gondolbanen i Svandal rykkar stadig nærare ei realisering, med eit endå betre alpinanlegg og med det auka attraktivitet for hyttebyggarar og dagsturistar som følge.

Sjølvsagt ligg det også utfordringar foran oss. Eldrebølga kjem, noko som kjem til å utfordra det kommunale tenestetilbodet kraftig, folketalet søkk og fødselstala er for låge. Ei nyetablering av ein viss storleik vil sjølvsagt verka positivt for alle tre.