YUM 365?

Torsdag går den årvisse Yrkes- og utdanningsmessa (YUM) i Indre Ryfylke av stabelen. Dette arrangementet er eit utmerka treffpunkt mellom arbeidsgivarar i regionen og framtidige arbeidstakarar. Det er imidlertid neppe tilstrekkelig med eit messe-skippertak, skal ein klara å skaffa nok arbeidskraft og kompetente medarbeidarar i åra som kjem.

Uheldigvis blir også denne Yrkes- og utdanningsmessa av det digitale slaget. Dette er eit forståeleg val av arrangøren, med omsyn til smittevern og usikkerheita rundt den lokale smittesituasjonen. Både arrangementsteknisk og logistikkmessig er ei digital messe enkel å handtera. Ein går likevel glipp av det som kanskje er det viktigaste med eit slikt arrangement. Trass i at dei digitale løysingane utviklar seg til å bli stadig betre, kan dei ikkje erstatta samtalen og møta mellom menneska; ungdommane og bedriftene, som den fysiske messa kan by på.

«har det lokale næringslivet sjølv gjort nok for å selja inn yrke som trass alt har både grei lønn og karrieremulegheiter?»

Dei siste åra har fleire lokale handverks- og industribedrifter uttrykt uro over utfordringar med å rekruttera både fagfolk og lærlingar. Kan hende har mange år utan framsnakking av yrkesfaga spelt inn, men har det lokale næringslivet sjølv gjort nok for å selja inn yrke som trass alt har både grei lønn og karrieremulegheiter til ungdommen?

«Kor mykje tid og krefter bruker kommunane på å selja inn seg sjølv?»

I offentleg sektor fryktar ein mellom anna at det kan bli knapt med både lærarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar frametter. Lærarar både fordi få utdannar seg den vegen og mange vel å forlata yrket, helsepersonell fordi ei varsla eldrebølge vil sprenga kapasiteten i dagens tenesteapparat. Kor mykje tid og krefter bruker kommunane på å selja inn seg sjølv og desse yrka overfor dei som står på trappa til å velja sin eigen yrkesveg?

Yrkes og utdanningsmessa har ein viktig funksjon som møteplass. Det er likevel ingen grunn til å tru at presentasjonen av eiga verksemd og eit kort møte med dei som skal planlegga framtida si der i seg sjølv er nok. Oppgåva med å rekruttera ny og nok arbeidskraft er alt for viktig til det, og bør vera noko i alle fall dei større aktørane har i bakhovudet – og arbeider med – om ikkje kvar einaste dag så i alle fall kvar veke. Ikkje minst kan det vera lurt å tenka langsiktig – også her. Dette kostar – men det gjer det også å stå utan folk med den rette kompetansen.

Ein viktig del av å sikra nok arbeidskraft er sjølvsagt også investera nok i dei medarbeidarane ein alt har.