Å kunne spele bordtennis i stova er både praktisk og triveleg, ifølge dei tre idrettsfag-elevane Tobias Helgeland (nærmast), Magnus Tveit og Mats Nordvik (i sofaen)
Å kunne spele bordtennis i stova er både praktisk og triveleg, ifølge dei tre idrettsfag-elevane Tobias Helgeland (nærmast), Magnus Tveit og Mats Nordvik (i sofaen) FOTO: Andreas Isaksen.

Idrettsfag-gutane deler hus i Sauda:

– Alkoholfrie bordtennis-nachspiel og travle morgonar

Å ha eit heimesnekra bordtennisbord midt i stova, er både praktisk og morosamt, meiner idrettsfag-kompisane Mats, Tobias og Magnus. Slike friheiter kan ein ta seg om ein bur saman med klassekompisar i eit romsleg hus.

I ein einebustad i Åbødalsvegen bur dei tre idrettsfag-elevane Magnus Tveit (17), Tobias Helgeland (18) og Mats Nordvik (17). Dei tre budde alle på campusen til Sauda vidaregåande skule i fjor, men fann tonen med kvarandre og er i dag sambuarar i eit romsleg hus eit par steinkast frå skulen.

Det er umuleg å kome på besøk til dei tre idrettsfag-elevane utan med ein gong å legge merke til det svære bordtennisbordet midt i stova. Det er laga av finérplater som omhyggeleg er dratt ut av containeren ved Montér, og snekra saman til eit velfungerande midtpunkt i stova. Det passar bra ved sida av biljardbordet.

Det er sjølvsagt ikkje nok med éitt speletilbod i stova til dei tre gutane. Her er Mats og Magnus i aksjon ved biljardbordet. FOTO: Andreas Isaksen.

– Vi har følgt litt med på programmet ”Bordtenniskameratane” på VGTV, der Morten Ramm og nokre andre kjendisar forsøker å kvalifisere seg til femte divisjon i bordtennis. Vi tenkte at det også må vere eit mål for oss, så vi speler ganske mykje, fortel Mats.

Dei tre gutane er alle elevar ved idrettsfag ved Sauda vidaregåande skule. Magnus og Tobias går på villmarkslinja, mens Mats går på park- og frikøyringslinja. Realfaga som norsk, matematikk og geografi har Magnus og Tobias i same klasse, medan programfaga er unike for linjene dei går på. Mats går tredjeåret.

Vil halde mulegheitene opne

Magnus Tveit blir spøkefullt kalla husets dyktigaste ”forseintkommar” av sine sambuarar. Han fortel at konkrete planar for si eiga yrkesframtid, det har han ikkje kome fram til endå. Dette var ein av grunnane til at han valde sitt studieløp.

– Eg er framleis usikker på kva eg skal utdanne meg til, og derfor vil eg halde mine mulegheiter opne. Villmarkslinja passer veldig godt for meg, for eg er veldig glad i å vere ute i naturen og å vere i aktivitet. På denne linja vil eg få mange kjekke opplevingar og turar, og ende opp med generell studiekompetanse. Då er mulegheitene mange etterpå. Kanskje blir det militæret, seier han.

Magnus kjem frå Stavanger, men valde skule i Sauda på grunn av villmarkslinja som passa han som hand i hanske.

– Det har også vore ei flott oppleving både å bli kjent med Sauda og å bu heimafrå. Sauda er jo fullt av flotte turmulegheiter, seier han.

Dei hevdar sjølv at dei ikkje har ete meir enn éin frossenpizza det siste året, og i kjøleskapet er det lite anna å finne enn sunn mat. FOTO: Andreas Isaksen.

– Vimsekoppen

Tobias Helgeland har flytta frå Hommersåk til Sauda for å gå på villmarkslinja. 18-åringen har planar om å reise i militæret etter å ha fullført vidaregåande skule, og har mykje godt å seie om si oppleving av å vere elev ved Sauda vidaregåande skule.

– I fjor budde vi alle tre på kvar våre rom på Campus. Der var elevane ganske tett på kvarandre, og det skapte eit veldig godt miljø der ein var garantert å bli kjend med medelevar. Skulen har ei tett oppfølging av elevane som bur der, og steller i stand både grillkveldar, felles frukost og mykje anna. For ein elev som gjerne bur heimefrå for første gong, er det perfekt. Skulen følger med, og passar på. Heilt topp opplegg, seier Tobias.

Alle bukollektiv har ein vimsekopp. Det er ikkje til å kome ifrå. I dette husvêret er det Tobias, ifølge to lattermilde sambuarar. Dei har mange historier å dele om både Tobias sin hukommelse og Magnus sitt hastverk for å rekke ting, men det skin heile tida gjennom at dei har stor glede av kvarandre, dei tre gutane.

Satsar på junior-VM

Men kva med Mats Nordvik? Kva er hans rolle i huset? Svara lar ikkje vente på seg.

– Han er husmor, eller husfar. I alle fall er det han som har best kontroll på alt. Han er ordensmennesket blant oss, konstaterer Magnus og Tobias, men får umiddelbart svar frå den oppnemnte husmora.

– Det er jo ikkje så veldig vanskeleg å vaske opp tallerkenar etter middag? Er det verkeleg nødvendig å la det stå så lenge, spør han, og erkjenner at han nok er litt meir ryddig av seg enn sine sambuarar.

Mats går på park- og frikøyringslinja ved Sauda vidaregåande skule. Skuledagane hans består delvis av realfag, slik som dei andre, men i staden for turar i villmarka, går hans programfag ut på vågale hopp og skikøyring utanfor merka løyper. Han fortel at han har ambisjonar for skikøyringa, og at han jobbar hardt for å hevde seg i idretten.

– For min del slår eg to fluer i ein smekk. Eg får studiekompetanse, og eg får mulegheit til å trene og utvikle meg i idretten eg driv med. Det er litt ulike nivå i klassen, men alle er ikkje med for å konkurrere. Eg har sjølv eit mål om å kvalifisere meg til junior-VM neste år, og det trur eg at eg kan klare. Eg har køyrt ganske bra i konkurransar til no, seier han.

Mats fortel at skulen har eit imponerande opplegg for denne skilinja, der elevane får både trening, turar i ulike fjell, samt deltaking i konkurransar. At han driv med sport som ikkje er utan risiko, tar Mats sjølv med stor ro.

– Eg tryna i går, då eg skulle ta ein 360° på eit hopp. Brillene mine blei knust i fallet, så no må eg kjøpe nye. Det er dyrt, men sånn kan det gå, smiler han.

Frossenpizza

Kva skal til for at eit bukollektiv skal fungere godt? Kva skjer hvis éin eller fleire ikkje bidrar like mykje med husarbeid, matlaging eller oppvask? Trekløveret i Åbødalsvegen fortel at dei ikkje har hatt ein einaste krangel i løpet av året dei har budd saman. Sjølv ikkje tidlege morgonar og dårleg tid har skapt gnissingar. Det er nesten litt vanskeleg å tru på, så vi ber dei forklare korleis dette kan henge saman. Mats tar kjapt ordet.

– For min del er det så enkelt at eg planlegg kvelden i førevegen, og lagar ofte niste til dagen etter. Målet er å kunne ligge lengst muleg før eg står opp, og det er merkeleg med det: Sjølv om eg står opp tjue minutt etter desse to, så er det eg som er først ut døra, og det dei som oftast slit med å kome seg på skulen i tide, seier han, utan at nokon protesterer.

Mat på budsjett er viktig kunnskap. Her finn gutane inspirasjon i ei passande kokebok. FOTO: Andreas Isaksen.

Gutane fortel at dei har grei kontroll også på matlaging, rydding og vasking. Matbudsjettet er ikkje ubegrensa, så dei hentar frå tid til anna inspirasjon frå ”studentbudsjett”-kokebøker.

– Vi har klart å få ned forbruket ganske mykje nokre veker det har vore litt trong økonomi, men vi handlar ofte mat saman, og har i utgangspunktet eigne matvarar kvar for oss. Om nokon treng noko frå ein av dei andre, går det som regel bra. Eg trur ikkje vi har ete meir enn éin frossenpizza heile dette året, fortel Mats.

Tre gutar i bukollektiv, i eitt heilt år. Éin frossenpizza? Vi testar truverdigheita litt, og spør dei kva ein Grandiosa kostar no for tida.

– Tjuefem kroner på tilbod, svarar dei høgt i kor .

Skryt av oppfølginga

Gutane fortel vidare om kvardagen som bortebuarar i Sauda, og Magnus fortel at det er stor skilnad mellom Stavanger og Sauda, ikkje minst med tanke på oppfølginga elevane opplever i skulekvardagen.

– Det er små klassar, og eg har inntrykk av at alle blir sett og følgt opp på ein imponerande måte. Sjølv når vi bur her i eige hus, følger dei med på at vi har det bra, alle saman. Det er ikkje bare i skuletida vi føler oss ivaretatt. Også på fritida veit vi at dei er der for oss om vi treng hjelp til noko. Det trur eg ikkje skulane i storbyane gjer i like stor grad, seier han.

To 17-åringar og ein 18-åring som alle bur heimafrå for første gong. Det blir vel mykje fest og fanteri?

– Ein del fanteri blir det, men festing blir det lite av. Ingen av oss drikk alkohol, og det er derfor litt morosamt at vi titt og ofte har nachspiel her i huset. Vi har veldig store vindauger ut mot gata, og andre elevar som er seint ute, ser oss gjerne spele bordtennis i stova, og då vil dei kome inn på besøk. Det er ein del trafikk her i huset, ler Tobias.

Kva med skulearbeid? Får de tid og fred til å arbeide med fag heime?

– Ja, absolutt. Vi er alle tre innstilte på å få gode karakterar, og det klarer vi. Det er heilt klart rom for å sitte i fred med skulearbeid. Men det er ikkje ei stor utfordring heller, for om ein bruker tida godt når ein er på skulen, er det ikkje så mykje som må gjerast heime. Skulen er flinke med å legge til rette for dette, fortel Tobias.

– Fleire fritidstilbod

På fritida er gutane blant anna med i Sauda klatreklubb, og dei hiv seg gjerne på andre sosiale aktivitetar i Sauda, som open hall i Saudahallen og arrangement på restauranten Alfred.

– Det er mykje å gjere, og vi stortrivst i Sauda, fortel gutane.

Vi spør om koronasituasjonen har gjort delar av skuletida vanskeleg på nokon måte, og det nikker Mats bekreftande på.

– Spansk har vore vanskeleg under korona, men spansk er strengt tatt alltid vanskeleg, seier han med eit smil.

Vi rundar av vårt besøk hos dei tre idrettsfag-elevane med ein kjapp bordtenniskamp der Tobias står på motsett side av denne journalisten. Resultatet av den kampen har ikkje journalistisk relevans for denne artikkelen.

Sidan gutane ikkje er sterkt plaga med lekser, gir vi dei ei felles oppgåve, nemleg å skrive ei liste over sine beste råd for å få til eit velfungerande og triveleg bukollektiv. Mats, Magnus og Tobias sine råd finn du ein annan stad på denne sida.

Gutane har platespelar og eit breitt utval musikk på vinyl. Her poserer Mats med si favorittplate av 80-talsstjerna Bonnie Tyler. FOTO: Andreas Isaksen.

Mats, Magnus og Tobias sine beste råd for eit velfungerande bufellesskap

  1. Gi kvarandre fred, og aksepter om nokon vil vere åleine
  2. Gøym opna sjokolade og anna godt, elles forsvinn det fort på mystisk vis
  3. Vær tålmodig!
  4. Hold passe orden rundt deg, og ikkje la ting stå for lenge før du ryddar opp
  5. Sei ifrå, ikkje gå rundt og surmul
  6. Det er lov å rydde, vaske og støvsuge på eige initiativ
  7. Finn på ting saman. Høyr med alle om dei vil bli med før du finn på ting