Frivilligheitas år

2022 er frivilligheitas år i Norge. Markeringa skal bidra til auka deltaking, mangfald og synleggjering av meirverdien frivillig sektor bidrar med i samfunnet. Dette kan gi frivilligheita velfortente høve til å skinna, og til å få endå fleire med seg på laget.

Både breidda, variasjonen og talet på organisasjonar i Sauda overgår det ein kan forventa i ein liten by i enden av ein fjord. Kanskje heng dette saman med ein sterkt utvikla kultur for dugnad og frivillig arbeid? Eldsjeler kjem til og fell ifrå, men nye reiser seg og tar ansvar. Det same gjer «fotsoldatane». Det er viktig å hugsa at frivillige organisasjonar også treng alle dei som ikkje får diplom, heider og bilde i avisa for lang og tru teneste; dei som kokar kaffi, vaskar drakter og sit i tidtakarbua. Eller sagt på ein annan måte – det frivillige treng mange støttespelarar for å halda hjula i gang.

«Dette kan gi frivilligheita velfortente høve til å skinna»

Sauda har og har hatt mange som yt ein uvurderleg innsats innan idrett, humanitært arbeid, kultur- og kristenliv og andre interesseorganisasjonar. Kvifor gjer dei dette? Kva driv dei til å ofra verdifull fritid, kveldar og helger, for å gleda andre? Nokre av svara frå saudabuar som held på med frivillig arbeid har Ryfylke lyst til å dela med lesarane. I dagens avis innleiar me derfor ein føljetong der me spør nokre av dei som bruker tid og krefter på frivillig arbeid i Sauda om kvifor dei gjer nettopp det.

«det frivillige treng mange støttespelarar for å halda hjula i gang»

Frivillig arbeid er lagarbeid. Frivilligheitas år gir lag og organisasjonar høve til å markera seg under ei felles fane, og til å søka kulturdepartementet om støtte til å visa seg fram. Samtidig oppmodar departementet andre statlege etatar, kommunar, fylkeskommunar, stiftingar og næringsliv til på vera med på ein spleisefest for verkeleg å få fram frivillige organisasjonar og deira arbeid i rampelyset. På same måte som om det er dei frivillige kreftene sjølv som må gjera jobben med å halda aktivitetane i gang, er det viktig at både styresmakter og næringslivet held fram som støttespelarar. Styresmaktene fordi det frivillige står for ein uerstatteleg innsats som fremmar attraktivitet og folkehelse. Næringslivet mykje av same grunn.

Rikdom kan målast på mange måtar. For eit lokalsamfunn har det stor verdi å ha ein stor og variert frivillig sektor, slik som Sauda har. Denne verdien må imidlertid forvaltast, skal han haldast ved like. Det ansvaret må lokalsamfunnet ta i lag.