Høllandsfossen i Åbødalsvassdraget.
Høllandsfossen i Åbødalsvassdraget. FOTO: Ingvil Bakka

La dei siste vassdraga få vere i fred

Utbyggingskameratane Ap, Sp, Høgre og Frp vil sleppe til gravemaskinar, betong og dynamitt for å bygge ut varig verna vassdrag i Noreg. Det er kortsiktig, meiningslaus og farleg politikk. Venstre vil verne dei siste vassdraga våre. Me vil ha meir natur, ikkje mindre.

Dei siste 100 åra har menneska tatt i bruk heile jorda, i veldig tempo. Menneskeskapte ting, bygg og anlegg veg no meir enn alle dyr og plantar på planeten vår – til saman. Berre mengda plast i verda er det dobbelte av den samla vekta av alle dyr på jorda. 70 prosent av alle ville dyr i verda er borte. Samtidig er dei uberørte naturområda vorte borte i veldig tempo – òg her i Noreg. 90 prosent av all urørt natur i Noreg er borte, og dei siste urørde områda minkar for kvart år.

Midt oppi desse veldige menneskeskapte endringane av naturen, er verneplanene for vassdrag ein sårt trengd motvekt. Gjennom verneplanene har vi blinka ut dei få av alle våre mange vassdrag som skal få lov til å vere urørde av kraftutbygging: dei små, varige sigrane naturen skal få lov til å vinne, i ei verda der menneska elles tar seg til rette kvar einaste dag. I Rogaland er blant anna Hustveitelva, Vikedalselva og Åbødalsvassdraget omfatta av vern. Me treng å ta vare på dei.

Derfor er det historielaust og trist når Høgre og Ap no sleng seg på natur-verstinga Sp og Frp, og i klartekst seier at omgrepet «varig vern» aldri var alvorleg meint. Det var berre ein liten pustepause, før vi menneske òg skulle gå laus på dei siste urørde delane av norsk vassdrags-natur. På toppen av alt er dette, ifølgje NVE, rein symbolpolitikk utan reell innverknad på kraftbalanse eller straumprisar. Då er det heilt andre grep som gir mykje større effekt.

Venstre vil stå opp for dei verna vassdraga våre. Vi treng meir natur i Noreg, ikkje mindre. Nokon gangar skal naturen få lov til å vinne – ikkje berre for ein liten augneblink, men for alltid. Vi skal løyse klimakrisa – men vi gjer det ikkje ved å rasere dei siste lommene av urørd natur, verken i Noreg eller resten av verda. At Sp og Frp alltid står klare til å gå laus på urørd natur, visste vi frå før. At Høgre og Ap no opnar for det same, er nytt og dramatisk. Venstre vil ta kampen. Eit sterkt Venstre i sentrum av norsk politikk er viktigare enn nokon gong, både for klima og natur.