Elevane frå valfaget ”Innsats for andre” inviterer til loppemarknad på skulen laurdag føremiddag. Alle som vil selge lopper, er velkomne til å bestille eit bord, fortel elevane Vanja Farkas Skår (øvst frå venstre), Silje Åbø, Tiril Høiland, Tamar de Heer (nederst frå venstre), Martine Hocking og Liva Sørnes.
Elevane frå valfaget ”Innsats for andre” inviterer til loppemarknad på skulen laurdag føremiddag. Alle som vil selge lopper, er velkomne til å bestille eit bord, fortel elevane Vanja Farkas Skår (øvst frå venstre), Silje Åbø, Tiril Høiland, Tamar de Heer (nederst frå venstre), Martine Hocking og Liva Sørnes. FOTO: Andreas Isaksen.

Klart for loppemarknad laurdag: – Alle kan selge smått og stort

Laurdag føremiddag er det loppemarknad på Sauda ungdomsskule. Initiativet kjem frå elevane i valfaget ”Innsats for andre”, og alle er velkomne til å selge lopper.

– Interessa har vore stor, og det er alt på plass fleire som skal selge forskjellige ting. Alle som har lyst å selge lopper, kan leige eit bord av oss for 150 kroner, seier Tamar de Heer, som er elev ved valfaget ”Innsats for andre” i tiande klasse på Sauda ungdomsskule.

Dei 150 kronene elevane får samla inn for kvart bord, skal saman med inntekter frå sal av kaffi og kafévarar bli ein donasjon til eit formål som elevane sjølv har valt ut. Dei som sel lopper, beheld sjølv inntektene frå salet.

– Vi har valt å gi alle inntektene vi har på loppemarknaden til Stine Sofies stiftelse. Dette er eit formål som vi alle brenn for. Stine Sofies stiftelse jobbar for å betre barns tryggleik, og det ønsker vi å støtte, seier elev Martine Hocking.

Tamar og Martine fortel at valet av Stine Sofies stiftelse som formål, blei tatt lenge før krigen i Ukraina braut ut, og at dei synest det var naturleg å ikkje gjere om på dette valet.

– Vi håper det kjem mykje folk på laurdag. Vi har fått bruke heile kantina, så det er god plass til mange, både selgarar og folk som vil kome og kikke, seier Tamar til slutt.