Det gjeld å bli sett

Har det noko for seg å marknadsføra Sauda meir via nettsider og sosiale medier framfor meir tradisjonelle kanalar? Sjølvsagt har det det. Både turistar og jobbsøkarar anno 2022 er bortimot heildigitale.

Kampen om turistar er ein kamp om å bli lagt merke til og om å skilla seg ut. Finn ein ikkje informasjon om noko spennande eller spesielt å sjå eller gjera på stader ein vurderer å besøka, endrar ein reiseruta dit det ser meir interessant ut å svinga innom. Og med smarttelefonen i lomma er dei aller fleste bare eit par touch unna å bli lokka ut av den opprinnelege planen og inn på nye vegar. Men då må informasjonen finnast der ute.

«Med nokre få unntak er det imidlertid ennå få som har gjort turisme til levebrød»

Dei siste tiåra har Sauda tatt mange, men små steg på vegen mot å bli ein turistdestinasjon. Ei av dei største utfordingane på vegen er når tilbod og tenester veks slik i omfang at det tvingar seg fram behov for profesjonalisering. Ingen kan i dag sjå for seg eit Sauda skisenter drive på dugnad og idealisme. Med nokre få unntak er det imidlertid ennå få som har gjort turisme til levebrød, direkte eller indirekte, ved å etablera ny næringsverksemd og ha dette som jobb. Det trengst både kreativitet og mot for å ta steget frå hobby til profesjon.

«digital marknadsføring av Sauda vil vera ei tydeleg prioritering av arbeidet med å nå fram»

Opprettinga av ei stilling med digital marknadsføring av Sauda vil vera ei tydeleg prioritering av arbeidet med å nå fram til flest muleg potensielle besøkande. Slikt er for viktig til å bli ein salderingspost i ei eller anna «potet»-stilling med «tusen» ansvar og gjeremål. Fleire besøkande vil kunna gi eit auka kundegrunnlag for lokale gründerar som syslar med idear om å satsa innan turistnæringa.

Møtet med polske Aleksandra og Thomas ved Svandalsfossen laurdag gir ein klar indikasjon på at Sauda har ein veg å gå når det kjem til marknadsføring som turistdestinasjon. Verken utebadeanlegg, sentrum eller Allmannajuvet hadde fanga interessa deira då dei søkte seg fram etter opplevingar, verken via Visit Norway sine nettsider eller på andre måtar. Eit anna tilbakevendande tema er for øvrig skilting av lokale attraksjonar som utebadeanlegget. Og, for den del, gratis parkering, som på mange måtar er eit gløymt moment i forsøket på å få forbipasserande bilistar til å stoppa igjen i sentrum.

Ein kan lika sosiale medier eller ikkje. Faktum er at «folk flest» i dag bruker eit eller fleire av dei. Då kan ein ikkje oversjå desse plattformane når ein fiskar etter turistar til Sauda.