Grøne mulegheiter

Det grøne skiftet betyr at Norge skal bli eit lågutsleppsland innan 2050. Skiftet krev nye tankesett og har med seg mange krav og pålegg som må innfriast. Det kan lett oppfattast som ein byrde både privat og for næringslivet. I ei kvar endring ligg imidlertid også nye mulegheiter.

For eit lokalsamfunn som i moderne tid er kjend for «røyk, og gammal industri», kunne det grøne skiftet lett blitt ein «uppercut» som forsegla lagnaden til ei over 100 år gammal hjørnesteinsbedrift. Heldigvis for saudasamfunnet, såg Eramet tidleg kva veg det bar. Frå å innretta seg etter statlege krav og pålegg om reduserte utslepp, tok eigarane av smelteverket eitt steg fram og sette seg i førarsetet for utviklinga. Det har vist seg å vera eit smart trekk.

«Heldigvis for saudasamfunnet såg Eramet tidleg kva veg det bar»

For det første har dei ambisiøse klimamåla til Eramet og viljen til å gjennomføra tiltak, gitt tilgang på gode, statlege støtteordningar, ordningar som ikkje vil finnast om nokre år. For det andre er det i 2022 ein samanheng mellom berekraft og konkurransekraft, der både investorar, kundar, finansinstitusjonar og potensielle arbeidstakarar er langt mindre positive til bedrifter som ikkje tar klima og miljø på alvor. For det tredje gjer ny teknologi og gunstige finansieringsordningar at biprodukt som varmt vatn og omnsgass i dag utgjer ein utnyttbar ressurs som bidrar til verdiskaping. Og for det fjerde kjem klimautslepp etter kvart til å kosta flesk.

Arbeidet med å redusera det fossile fotavtrykket for fabrikken på Klubben tok eit nytt, viktig steg då Eramet denne veka inngjekk avtale med selskapet Northern Lights om å fanga og lagra 70 prosent av smelteverket sitt CO2-utslepp. Når ein målet om eit fullskala karbonfangstanlegg i 2028, vil dette bidra betydeleg i høve til Eramet Norway sitt mål om å redusera CO2-utsleppet med minst 43 prosent innan 2030.

«ei etablert sanning at utsleppa av CO2 må kraftig ned»

I «gode, gamle dagar» låg røyken ofte tett over Sauda. Då røyken forsvann var saudabuen, trass munnhellet om at «det er røyken me lever av», glade for at «røykalderen» var over. I dag slepper smelteverket ut betydelege mengder CO2. Sjølv om CO2, i motsetning til røyken, er usynleg, er det ei etablert sanning at utsleppa av CO2 må kraftig ned for å vera innanfor naturen si tolegrense.

Vegen fram mot eit klimanøytralt mangansmelteverk er ennå lang. Eramet Norway Sauda viser imidlertid at dei tar klimautfordringane på alvor. Innsatsen for å auka berekrafta er også signal om at verket går for «100 nye år i Sauda», som det blei sagt ved 100-årsjubileet, og som bonus kan det fort dukka opp nye arbeidsplassar både innanfor og utanfor fabrikkporten – som følge av det grøne skiftet.