Sauda Musikkorps.
Sauda Musikkorps. FOTO: Per Inge Fjellheim.

Takk for julestemninga på Rådhusplassen

Flakkande lys i frå faklar i lysande fjes, ei lita barnehand i ei varm bestemorhand, messinginstrument som blinkar i lyset frå ei gatelykt, smilande og spente koristar frå Sauda Soul children/kids/teens, julemusikk frå korps og kor, og folkemengda som i fellesskap går rundt eit skinnande juletre.

De som møtte opp bidrog til julestemninga ved å fylle torget med menneske i alle aldrar og stemme i songen rundt juletreet. Eg er imponert over at major Thorbjørn Vang stilte opp og bidrog på fortreffeleg vis med diktdeklarering tross for nyleg sjukehusinnlegging.

Me i Sauda musikkorps er glade for å få vere med på dette arrangementet. På vegne av Sauda musikkorps: Takk til arrangørar og alle deltakarar for eit stemningsskapande og flott arrangement på Rådhusplassen ved julegrantenninga.