Den store auken i dei kommunale avgiftene er uheldig reklame for Sauda, meiner Camilla Moe. I bakgrunnen: Det nye kloakkrenseanlegget på Tangen.
Den store auken i dei kommunale avgiftene er uheldig reklame for Sauda, meiner Camilla Moe. I bakgrunnen: Det nye kloakkrenseanlegget på Tangen. FOTO: Arkiv/privat.

Kommunale avgifter: Korleis kunne ein la det gå så langt?

Til og med dei med to snittinntekter vil nok kjenne det rykkar litt i lommeboka dersom den foreslåtte auken blir vedtatt.

Eg vil starta med å takke Alf Ole Johnsen for å ha skrive eit leserinnlegg som verkar til å ha engasjert saudabuen. Ein kan høyre det summar som småfloger i kassen på butikken, på venterommet på legekontoret eller på «byn» ein laurdag føremiddag; «Korleis skal me få til dette, alt blir dyrare». Det kan umogeleg ha vore den beste dagen på jobb for den som måtte legge fram dette budsjetforslaget. Det handlar om auken i dei kommunale avgiftene.

Eg er takksam for at ordføraren tok seg tid til å svare i fredagens Ryfylke, men det er ein ting eg ikkje forstår: Korleis kunne ordføraren gi til svar at kommunestyret ikkje kunne forutsjå denne auken? Dette måtte eg lese eit par gonger før eg skrolla meg nedover avisa Ryfylke si Facebook-side. Hadde eg verkeleg drøymt…? Neida, der fann eg det: «Det var jo det eg sa», uttalte Høgres Dagfinn Birkeland i Ryfylke 15. november. Ifølge artikkelen så hadde Høgre uttalt seg om dette i 2018 og 2019.

Har me fått ein ny «Snåsamann» i Sauda? Eller var det slik at nokon alt då begynte å sjå konturane av dette, og prøvde å seie ifrå, mens andre valde å sjå den andre vegen og satsa på at ein landa med begge føtene?

Korleis kunne ein la det gå så langt at auken for oss som har valt å bu her blir så stor? For det er jo slik at ein god del av oss har valt å busette oss her, utanom kanskje nokre få som bur her av gammal vane. Kanskje det finst andre kommunar som har vore i liknande situasjonar, og der ein kan undersøka kva måte dei handterer det på. Ikkje misforstå.

Me har det godt her inne i enden av fjorden. Me har eit rikt kultur- og idrettstilbod, skular og barnehagar av høg kvalitet og oppvarma utebadeanlegg. Lista er lang av positive faktorar som gjer at det er godt å bu her. Men nettopp dette med auken i dei kommunale avgiftene synest eg er litt uheldig reklame for kommunen vår. Eg vil tru at potensielle innflyttarar tar seg bryderiet med å undersøke kva det kostar å bu her før dei flyttar inn. Og når nabokommunen vår Suldal tilbyr straumstøtte og halverer prisen på barnehage gjer dei seg attraktive, og eg vil tru dei potensielle tilflyttarane vel vekk det dyraste alternativet.

Denne foreslåtte prisstigninga vil ramma mange, frå minstepensjonisten til einslege foreldre, til og med dei med to snittinntekter vil nok kjenne det rykker litt i lommeboka dersom dette blir vedtatt.

Ein ønsker at borna skal få delta på fritidsaktiviteter anten i idretten eller i kulturskulen, gjerne begge deler. Vil dette forslaget sette oss i ein situasjon der ein ikkje lenger har mogelegheit til det? For som Alf Ole johnsen sa: «De menneskene vi så på NRK debatten er ikke unike, de er blant oss også i Sauda».

Heldigvis finst støtteordningar for slikt, men eg vil tru det sit langt inne for den minstepensjonisten som har arbeidd heile livet for nå å måtte komma med lua i handa på NAV. Ein kan ikkje bare vere best på ferie og fritid, ein bør jobba for å bli best i kvardagslivet óg.