Viss me frys, er det nesten garantert at tida utomhus blir kort. Det same kan fort skje, om ungar har på seg så mykje og mange lag med klede at det blir vanskeleg å røre seg fritt.
Viss me frys, er det nesten garantert at tida utomhus blir kort. Det same kan fort skje, om ungar har på seg så mykje og mange lag med klede at det blir vanskeleg å røre seg fritt. FOTO: Arkivfoto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK

Slik heldt du varmen i vinter

Veit du eigentleg skilnaden på ull og superundertøy? Og veit du kva som er den vanlegaste tabben folk gjer, når dei kler seg med ull?

Ja, for det er faktisk ikkje slik at me alle lærte å kle oss godt då me var små – sjølv om rett materiale og riktige klede er utruleg viktig for om både store og små skal like å vere ute om vinteren. Viss me frys, er det nesten garantert at tida utomhus blir kort. Det same kan fort skje, om me har på oss så mykje og mange lag med klede at det blir vanskeleg å røre seg fritt. Då blir det både kaldt og klamt, når fukt frå kroppen samlar seg under kleda og mangel på luft hindrar fukta i å fordampe.

Det er også lett å gå seg vill i alle omgrepa. Mange veit til dømes ikkje at superundertøy slett ikkje alltid er supervarmt. Unntaket er når vi held på med hard fysisk aktivitet med stor sveitteproduksjon. Då er eit fukttransporterande, syntetisk lag som superundertøy godt å ha under ulla.

Ikkje så supert

Oppsummert blir super-nemninga nytta om syntetiske materiale som eignar seg for eit høgt aktivitetsnivå og varmare klima. Superundertøyet transporterer all fukta bort frå kroppen. Akkurat det er viktig å bite seg merke i:

– Superundertøy blir kaldt når det er vått og passar best til korte treningsøkter viss du har dusj og vaskemaskin i nærleiken, seier Kristin Krohn Devold, som er administrerande direktør for NHO Reiseliv og tidlegare leiar av Den Norske Turistforening.

Ho har gått nokre tusen timar i fjellet, for å seie det slik, og sendt ein drøss med turistar ut på tur. Dei får dei same påkledingsråda som ho alltid har nytta sjølv:

– Eg frys lett og er ofte ute i mange timar. Difor brukar eg berre ull, og i lag på lag. Ulla heldt på varmen sjølv når ho er våt, og ho eignar seg også for lågare aktivitet når det er kaldt, seier Devold.

– Eg frys lett og er ofte ute i mange timar. Difor brukar eg berre ull, seier Kristin Krohn Devold. Foto: Privat FOTO: Privat.

Lag på lag i overlapp

Professor Ingun Grimstad Klepp ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet er forskar og har skrive fleire bøker om korleis me kan kle oss betre og med lågare klimaavtrykk. Ho fortel at ullundertøy er temperaturregulerande og kan nyttast anten det er varmt eller kaldt ute. Når ull berre er fuktig – ikkje våt – varmar ho betre enn noko anna:

– Ull absorberer fukt, og kan ta opp rundt 30 prosent av si eiga vekt. Det gjer at ho varmar og kjennest tørr mot kroppen sjølv etter at ho er blitt våt. Ull er faktisk det einaste naturfiberet som varmar godt også når det er fuktig, seier Klepp, men legg til at somme menn, som sveittar svært mykje ved høgt aktivitetsnivå, kan ha betre nytte av syntetisk undertøy.

Ull er faktisk det einaste naturfiberet som varmar godt også når det er fuktig, fortel professor Ingun Grimstad Klepp. FOTO: Privat.

Klepp påpeikar også at det bør vere god overlapping mellom kvart ull-lag:

– Luft isolerer, medan fukt leier varme. Om vi er tørre med stillståande luft mellom kleda på kroppen, frys vi ikkje.

Det er difor passforma på ulltøyet også avgjer kor varm du blir. Om plagga sit trongt, blir det lite luft mellom laga, og ulla får ikkje maksimal funksjon. Er kleda for vide, risikerer du å få kald luft innunder dei.

– Ull kan utvidast. I staden for å kjøpe tøyet for stort, kan du strekkje det etter vask slik at du får den passforma du vil ha, seier Klepp.

Klassisk tabbe

Det er forresten når me byrjar å kle på oss, at me ofte gjer den aller største tabben, fortel Klepp:

– Ein bør alltid ha ullundertøy heilt inst og under ullstillongsen. Mykje av den gode varmeeffekten i ulla går tapt om du har bh eller truse i bomull eller viskose. Når du sveittar, trekker desse materiala til seg fukt og blir våte og kalde.

Kristin Krohn Devold trekk fram det same:

-Ja, det der er viktig. Eg har alltid ull-bh og ull-boxer inst. Vanleg undertøy blir veldig fort kaldt!

Mellomlaget, altså det du har utanpå undertøyet, bør heller ikkje vere i bomull eller viskose. Ingun Grimstad Klepp seier andre syntetiske materiale derimot kan vere ok, fordi dei ofte er laga slik at det er mykje luft i plagget i forhold til vekta:

– Fleece finst i mange typar materiale, og både ull og polyester-variantane kan vere gode som mellomlag. Men fleece av ull er varmast.

Det ytste laget skal både halde vind ute, og sleppe fukt ut. Det er difor viktig at dei ytste plagga kan opnast og lukkast tett i halsen og ved anklane, seier Klepp:

– Når det er veldig kaldt ute, er det ikkje vått, så det ytste laget må faktisk ikkje alltid vere ei vasstett skalkledning. Ein tynn anorakk og overtrekksbukse i bomull eller syntetisk fiber fungerer like bra eller betre.

(©NPK)