Ordførar Asbjørn Birkeland.
Ordførar Asbjørn Birkeland. FOTO: Janne Kvanåli.

Ordførarens nyttårstale

Ordførar Asbjørn Birkeland innleia 2023 med sin nyttårstale i Sauda kyrkje 1. nyttårsdag:

Godt nytt år alle!

Året 2022 starta med nyheiter om gode fødselstal i Sauda og gode tal for handelstanden etter julehandelen året før. Me trudde me hadde lagt korona-pandemien bak oss, men tidleg på året trefte nok ei bølgje også Sauda – noko som tek mykje fokus i drifta til kommunen.

Men også for oss i Sauda – så er det nok Russland sin invasjon av Ukraina i februar som gav størst inntrykk, og har prega året 2022. Putin hadde lenge før invasjonen strupa gassmarknaden og pressa energiprisane i Europa oppover – og når det vart krig, så blei det verre og ein fekk og ein enorm prisvekst og flyktningar frå krigen som starta å komma til heile Europa, og Noreg og også til Sauda.

Me vart anmoda om å ta i mot 90 flyktningar – noko me sa ja til. Det er eg veldig stolt over at me klarte å få til. Det krevde mykje av kommuneadministrasjonen, og me har fått god hjelp av lag og foreiningar og enkeltpersonar som vil hjelpa til. Saudabuen har tatt godt i mot dei som er busett her – og eg håpar alle flyktningar har eit trygt og godt liv når dei er her i Sauda. Me har nå fått anmoding om å busetta 90 nye flyktningar nå i 2023. Det skal opp til politisk behandling nå i januar, men eg tolkar signala frå kommunestyret at det vil me prøva å få til. Det vil og krevja mykje – og eg trur me må auka ressursane i kommunen for å handtera dette. Så det vil nok bli mogelegheiter for dei som ønsker å jobba med dette.

Året som gjekk baud og på flotte forhold gjennom vintersesongen, me fekk nye etableringar i sentrum og ikkje minst vart det braksuksess med Saudadagar og NM i motbakkeløp.

Eramet har, trass i høge straumprisar, vist til gode tal. Noko som betyr mykje for Saudasamfunnet og næringslivet her. Men, me hadde og den første streiken på 50 år ved smelteverket i 2022 og Sauda vart nok ein gong eit midtpunkt i nasjonal industripolitikk.

Året hadde sjølvsagt òg Saudabuar som markerte seg utanfor Sauda, Hildeborg Juvet Hugdal tok VM-gull og verdsrekord i sitt siste år som toppidrettsutøvar – og er nå nominert til årets kvinnelege utøvar på idrettsgallaen neste helg. Og Per Inge Fjellheim som fekk Pilt-Ola prisen for sitt arbeid med å setta Ryfylke på kartet.

Og så klarte Sauda skisenter å komma tidleg i gong nå før jul og sikra aktivitet og gode forhold til innbyggarar og besøkande. Noko som me veit er svært viktig for blant anna handelstanden i Sauda, og ikkje minst i marknadsføringa av Sauda som buplass og hyttedestinasjon. Me får håpa det blir ein knallgod vintersesong denne vinteren i alle dalføre i Sauda.

2022 var Frivilligheitas år, og det viste godt igjen også i Sauda. Me samla alle frivillige til ein middag med show og underhaldning, noko eg håpar alle som deltok sette pris på. Det er mange i Sauda som bidreg til frivillig arbeid, både innan lag og foreiningar, men og for å hjelpa dei som ikkje har det som alle andre.

Spesielt i år med så mykje flyktningar og eit aukande tal familiar med økonomiske vanskar – så er det rørande å sjå engasjementet frå lag og enkeltpersonar som vil hjelpa. Her er det og verdt å nemna Frelsesarmeen med major Vang i spissen, som held ut trass i eiga helse. Og kyrkja som alltid er der for alle. Men og innan utvikling av Saudas attraktivitet for befolkning og reiseliv hadde med frivillige som stod på – Minigolfbanen opna, og Sauda fekk eit flott nytt tilbod for folk i alle aldrar.

Fabrikkplanane på Birkeland har og prega året som gjekk. Utanlandsk kapital vil investera og etablera arbeidsplassar i Sauda, noko me i kommunestyret har jobba målretta for i mange år. Det er eit stort arbeid som ligg bak denne etableringa, først med tilrettelegging og planar frå Sauda si side. Og nå med planlegging frå Iverson eFuels og konsulentane som jobbar med fabrikkplanane.

Det er over 100 personar involvert i prosjektet nå, og det er utlyst stillingar for å tilsetta endå fleire. Etter mange år med nedgang i talet på arbeidsplassar og nedgang i folketalet, treng Sauda investeringar, aktivitet og nye arbeidsplassar for å kunne oppretthalde og utvikle det handel- og tenestilbodet Saudasamfunnet har i dag. Ei slik etablering vil bety endringar og eg forstår at mange kjenner på usikkerheita kva dette betyr for dei. Spesielt dei som bur tett på anlegget. Men ringverknadane for Sauda og regionen vil vera svært positive, og det vil bety enormt mykje for lokalt næringsliv om denne investeringa i milliardklassen kjem til Sauda.

Budsjettbehandling i kommunestyret var spesiell i år. Kommunen er forventa å ha høgare inntekter enn nokon gong neste år, men utgiftsnivået aukar og svært mykje. Kommunen merkar dyrtida me er inne i som alle andre.

Eitt av områda som engasjerte Saudabuen mest var den varsla auken i dei kommunale gebyra innafor VAR-området. Eg er glad kommunestyret fant ei løysing for å bøte på noko av denne auken – slik at og innbyggarane får nyta godt av dei ekstra kraftpengane kommunen får neste år.

I tillegg er det sett av midlar til å støtte næringslivet i kommunen gjennom denne krisa me er inne i. Mange har fått dårlegare økonomi og det har politikarane tatt innover seg, både dei lokale politikarane i kommunebudsjettet, og ikkje minst på stortinget  i statsbudsjettet. Det er gjort prioriteringar som skal hjelpa dei utsette gruppene. Dei med lave inntekter får redusert skatt, strømstøtteordninga til private held fram, bostøtteordninga er styrka, barnetrygda er auka og einslege forsørgjarar får meir barnetrygd. Barnehage og SFO blir billegare og minstepensjonane er auka.

Alt dette er grep som skal hjelpa på situasjonen til dei som har lite å rutte med. Sauda kommune skal vera med å finansiera dette med at regjeringa dreg inn noko av kraftpengane våre, men som mange har fått med seg – meiner ordføraren at det varsla trekket er for stort.

Så kva vil skje i Sauda i 2023?

Eg har god tru på at me har mykje positivt i vente. Arbeidet med etablering av eit oppdrettsanlegg på land i Sønnåhamn ventar på siste avklaringar – eg håpar me får sjå at Sauda Aqua startar for fullt med prosessen for bygga dette anlegget i år.

Eramet satsar tungt på energigjenvinning og CO2-reduksjonar – viktige investeringar som vil gi arbeid til lokale bedrifter og nye arbeidsplassar i Sauda.

Og ikkje minst så er rammene lagt for at Sauda klatreklubb får realisert ein ny klatrehall i tilknyting til Saudahallen – eit nytt spennande tilbod løfta av ein liten klatreklubb med store ambisjonar.

Utviklinga av Svandalen held fram, og me håpar på investeringsbeslutning og byggestart av byggjetrinn ein i gondolprosjektet til Folkeheisen Sauda.

Og så får Saudabuen eit nyoppussa rådhus med gode fasilitetar for dei tilsette i administrasjonen, og flotte lokale for kino og møteverksemd for alle i Sauda. Eg gledar meg til eit spennande Sauda-år!

Igjen godt nytt år til alle!