Tre runeinnskrifter er kjent frå den bysantinske kyrkja Hagia Sofia i Istanbul i Tyrkia. Dei er daterte til vikingtida, og desse runene er rissa ned i marmoren. Bodskapen blir tolka som «Halvdan rissa desse runer».
Tre runeinnskrifter er kjent frå den bysantinske kyrkja Hagia Sofia i Istanbul i Tyrkia. Dei er daterte til vikingtida, og desse runene er rissa ned i marmoren. Bodskapen blir tolka som «Halvdan rissa desse runer». FOTO: Lise Åserud / NTB / NPK

Den eldste runesteinen i verda funne ved Tyrifjorden

For opptil 2000 år sidan, kanskje medan Jesus levde, stod nokon ved Tyrifjorden og rissa runeteikn på tidleg urnordisk i ei steinblokk. I 2021 vart ho funnen.

Den nye runesteinen er blant våre aller eldste runefunn og den eldste daterte runesteinen. Det vekkjer internasjonal oppsikt blant språkforskarar og arkeologar.

Totalt er det berre funne rundt tretti runesteinar i Noreg som er datert fram til folkevandringstida, rundt år 550. Dette er den einaste som kan daterast til tida før 300. Den kan vere så gammal at ho vart skribla på i år 0, og uansett før år 250.

– Dette får noko å seie for kva vi har anteke om eldre runebruk og kor gammal skikken med å reise runesteinar er. Vi har rekna med at dei tidlegaste i dagens Noreg og Sverige dukka opp på 300-400-talet, men no viser det seg at nokre runesteinar kan vere eldre enn det ein tidlegare har gått ut frå. For meg er dette eit høgdepunkt, for dette er også eit unikt funn som skil seg frå andre bevarte runesteinar, seier runolog Kristel Zilmer, professor i skriftkultur og ikonografi ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, til NTB.

Adrenalinkikk

Arkeolog Steinar Solheim var prosjektleiar for utgravinga av feltet med fleire graver ved Svingerud i Hole kommune. Hausten 2021 fann dei runesteinen i ei av gravene. Anna materiale i grava mogleggjorde radiokarbondateringar. Dei viser at grava, og dermed inskripsjonane til steinen, truleg stammar frå 0–250.

– Ein blir først litt mållaus. Så kjenner du adrenalinet kjem, når du veit du har noko så unikt mellom hendene, seier Solheim.

Runesteinen er oppkalla etter funnstaden. Svingerudsteinen kan ha markert gravstaden, eller kanskje låg han i grava, som ein minnestein, dedikasjon eller gåve ein avdød fekk med seg.

Analysar viste at det er ein vaksen person som er gravlagd, men kjønn er ikkje kjend.

Kven var Idiberug?

I eitt år har Zilmer jobba inngåande med å undersøkje og tyde teikna på runesteinen. Skrivemåtar i eldre innskrifter varierte mykje. Språket endra seg mykje frå desse runene vart rissa og fram til vikingtida og mellomalderen. Det er derfor krevjande å tolke bodskapen på steinen.

– På Svingerudsteinen har vi mellom anna ei namneinnskrift, stava som «idiberug», og ein annan stad finn vi byrjinga på runealfabetet. Teksten omtaler kanskje ei kvinne som heitte Idibera, og innskrifta kan bety «For Idibera». Andre moglegheiter er at idiberug gjengir eit namn som Idibergu/Idiberga, eller kanskje slektsnamnet Idiberung, fortel Zilmer.

– Det som er merkverdig og annleis her, er arten til rissingane. Det er ein merkeleg kombinasjon av tynne, grunne, fine runeriss, teikn som liknar runer og små teikningar. Nesten som små krusedullar, og i tillegg ser vi eit tydeleg rutemønster, seier ho, og påpeikar at dette ikkje eigentleg er noko ein ventar å finne på ein minnestein. Det ser nesten ut som nokon har øvd seg på skrive.

Medan Zilmer undersøkte Svingerudsteinen, fann arkeologane fleire steinar av same steinart på Svingerud. To av dei hadde runer på seg, og ordet «rune» står skrive på den eine.

Tid for tolking

Framleis er det mykje forsking som står att. Zilmeir er sikker på at ein i tida framover vil hente ut mykje meir verdifull kunnskap om runeskrifta si eldre historia og skikken med å lage runesteinar.

– Når vi tenkjer på bruken av stein som medium, tenkjer vi gjerne på monument. Vi har jo monumentale minnesteinar som har djupe og store runeinnskrifter, seier Zilmer.

– Svingerudsteinen og korleis han er brukt kan føre tankane over på tilfeldig skriveunderlag, skribling, nesten tagging?

– Det er det som er så fascinerande med funnet. Det blir eit tolkingsspørsmål, for det er vanskeleg å seie kva dette betydde for dei som laga rissa. Var det berre til minne, eller var risset berre kanskje litt leik med skrift, utan tung symbolsk betydning? Vi må stille spørsmål om det er delar av den aller tidlegaste runetradisjonen vi ikkje har visst har eksistert.

– Ulike forskarar vil i alle fall heilt sikkert ha ulike meiningar, seier Zilmer.

Svingerudsteinen vil bli stilt ut i Historisk museum frå 21. januar til 26. februar, slik at publikum også kan få sjå den eldste runesteinen i verda.

Svingerudsteinen

* Ei 31×32 centimeter steinblokk av raudbrun ringjerikssandstein.

* Funnen i ei flatmarkgrav, under ein gravhaug, på eit gravfelt på Svingerud ved Tyrifjorden i Hole kommune i 2021.

* Funn i grava gjer det mogleg å datere inskripsjonane til steinen til mellom år 0 og 250.

* Runesteinen er eitt av dei aller tidlegaste belegga på nedskrive språk i Skandinavia, og innskriftene gir ny innsikt i utviklinga til runeskrifta og skriftbruk i eldre jernalder.

* Åtte runer er tydeleg rissa. Omskrive med bokstavar står det: idiberug. Det kan innehalde eit kvinne- eller mannsnamn, eller vere eit slektsnamn.

* Ein annan stad på steinen står dei tre første runene i futhark – runealfabetet: ᚠ (f), ᚢ (u) og ᚦ (th).

* Ei rad på rundt tjue runer går langs ein av dei smale sidene på steinen. Med mange konsonantar er ho vanskeleg å tyde.

* Steinen har fleire slags innrissingar som ikkje alle gir språkleg meining. Nokre strekar dannar eit rutemønster, det finst små sikksakk-figurar.

* For rundt 2000 år sidan snakka ein eit eldgammalt språk i traktene våre, forløparen til urnordisk. Urnordisk er igjen opphavsspråket til dei nordiske språka i dagens Skandinavia.

Runehistoria

* Runer er fellesgermanske skriftteikn og den eldste kjente skrifta i Noreg.

* Runeskrifta oppstod i kontakt med andre skriftkulturar, eit munnleg førebilete var det latinske alfabetet til romarane. Men dei som laga skrifta, gav runerekkja ein eigen vri, blant anna ved å setje opp teikna i ei annleis rekkefølgje.

* Teikna bestod gjerne av loddrette og skrå strekar, men det var også runde former – som på Svingerudsteinen.

* Eldre futhark, det tidlegaste runealfabetet, var i bruk hos ulike germanske folk, med teikn til­pas­sa gamle germanske språklydar.

* I Skandinavia var runer i bruk frå dei første hundreåra etter vår tidsrekning til utover på 1400-talet.

* Nokre runeinnskrifter listar opp alle tjuefire teikn i den eldre runerekkja. Dei seks første teikna er «f u þ (th) a r k». Derfor vert runealfabetet kalla for futhark.