Dette fuglebrettet har fått besøk av to pilfinkar.
Dette fuglebrettet har fått besøk av to pilfinkar. FOTO: Paul Kleiven / NTB/ NPK

Kor mange kjøttmeiser har du i hagen din?

Laurdag 28. og sundag 29. januar er det tid for å telja fuglane i norske hagar. Målet er å samla inn data om den norske vinterfuglbestanden.

For 16. år på rad arrangerer Birdlife Norge hagefuglteljing. Dei oppfordrar folk i heile landet til å telja fuglane på fôringsstasjonen og melde inn resultatet.

Du vel sjølv kor mykje tid du brukar, men Fuglevennen skriv på nettsidene sine at du bør halda på i minst ein time. Etter at du er ferdig å telja skal resultatet registrerast på fuglevennen.no. For kvar art skal du registrera det høgaste talet individuelle fuglar du såg samtidig.

Få fuglar like bra som mange fuglar

Rådgjevar i Birdlife Norge, Frode Falkenberg, understrekar at det er viktig at folk deltar sjølv om det er få fuglar i hagen deira.

– Viss berre dei med masse fuglar rapporterer inn, får me eit feil bilete av korleis det står til med fuglane i norske hagar.

Når du registrerer funna, kryssar du av for kva fuglemat du nyttar, og forskarane korrigerer resultata deretter. Det er derfor ikkje noko problem viss du til dømes berre har meisebollar, og derfor berre tel meiser. Viss du ikkje har ein fôringsstasjon kan du telja fuglane i hagen.

Kjøttmeisa er den mest utbreidde av vinterfuglane våre og finst over heile landet, men det vert færre av dei. FOTO: Hallvard Østrem / NPK

Folkeforsking

I fjor deltok over 13.000 fugleteljarar. Dei talde til saman 720.000 individuelle fuglar og 161 artar.

Falkenberg seier at den informasjonen dei får inn igjennom hagefugleteljinga er reel og nyttig data, som vert nytta av forskarar til å seia noko om korleis det står til med vinterfuglane. Folkeforsking heiter det når folk utan forskarbakgrunn bidrar til forsking på denne måten. Hagefuglteljinga er det klart størst døme på folkeforsking i Noreg.

Data frå fugleteljinga vert kvalitetssikra og sett i samanheng med informasjon frå meir tradisjonell forsking, fortel Falkenberg. Det at det er så god oppslutning, gjer likevel at det er data av høg kvalitet, og at resultata er pålitelege.

– Det har blitt bekrefta gong etter gong. Avvik forsvinn når så mange rapporterer. Viss nokon har tatt feil av ein fugl til dømes, forsvinn det i den store mengda data.

Naturleg variasjon

Det er store skilnader i kva artar som er godt representerte frå år til år. Det er det fleire naturlege grunnar til. Ein del fuglar er til dømes på jakt etter spesifikk mat. Bjørkefinken kan dukka opp i store flokkar viss det er god tilgang på bøkefrø. Det såg ein i fjor. Då var bjørkefinken den store vinnaren, og over 100.000 individuelle bjørkefinkar vart talde. I år reknar ein med at det vert langt færre, men det fortel ikkje noko meir dramatisk enn at bjørkefinken fann bøkefrøa sine ein annan plass i Europa.

Det er òg andre ting som spelar inn. Det kan vera så enkelt som kva vêr det er den helga teljinga går føre seg. Viss det er snø i eit område trekker gjerne fleire fuglar som elles ville hatt det fint i skogen til fuglebrettet.

Dukkar det opp eit ekorn medan du tel? Då kan du registrere det òg. FOTO: Paul Kleiven / NTB / NPK

Klimaendringar og naturkrise

Likevel ser ein trendar som vitnar om noko meir enn naturleg variasjon. Klimaendringane påverkar allereie fuglane. Svarttrosten og raudstrupen lever av kryp dei finn på bakken. Derfor har dei tradisjonelt halde seg til område på Vestlandet der det er lite snø om vinteren. Men no gjer snøfattige vintrar at dei har spreidd seg til heile kysten. Av same grunn har nokre trekkfuglar begynt å overvintra i Noreg, i staden for å reise sørover.

Klimaendringane kan altså vera godt nytt for nokre fugleartar, men alt i alt er trenden negativ. Kjøttmeisa er kvart år den fuglen som er til stades i flest hagar. Heile 94 prosent av dei som deltok i fjor talde kjøttmeis. Men sjølv om kjøttmeisa er godt representert i norske hagar, vert det likevel færre av dei. Då hagefuglteljinga byrja i 2008 var det i gjennomsnitt 10,4 kjøttmeiser i kvar hage. I 2022 var det berre 6,7 i snitt. Det stemmer med det me veit om fuglebestanden både i Noreg og internasjonalt. Det vert rett og slett færre fuglar.

– Det er ein del av ei mykje større naturkrise. Det vert til dømes færre insekt, og dermed mindre mat til fuglane. Det minkar òg på habitat og hekkeplassar, etter kvart som menneska breier meir og meir om seg.