Leiar: Med vilje kjem løysingane

Arbeidet med å legga vegen utanom dei to gardstuna på Fiveland ser nå ut til å gå i orden. Løysinga kjem, som så ofte, som følge av dialog, kompromiss – og vilje.

Ein kan naturlegvis stilla spørsmål ved kvifor bilvegen ligg der han gjer i utgangspunktet – midt gjennom dei to tuna. Dette var imidlertid eit heilt vanleg traséval frå gammalt av. Med kraftutbygging og stadig aukande popularitet for fritidsbustader i Herheimsdalen og Austarheimsdalen, har imidlertid trafikken gjennom fivelandsgardane auka betydeleg dei siste generasjonane. Fivelendingane må vera eit tolmodig folkeslag, som har akseptert den aukande yrkes- og fritidstrafikken rundt novene heilt fram til nå.

«Fivelendingane må vera eit tolmodig folkeslag»

Då folket på Fiveland i 2020 kontakta Sauda kommune og la fram behovet for å flytta den kommunale vegen, blei innspelet møtt med velvilje frå kommunen si side. Det blei også klart at kraftselskapet Saudefaldene ville vera med på eit spleiselag. «Alle» var einige i at dagens trafikkløysing over Fiveland ikkje er tilfredsstillande med omsyn til tryggleiken til dei som bur på staden. Spesielt ikkje då planlagde oppgraderingar av fleire damanlegg vil føra til ein betydeleg anleggstrafikk i den næraste framtida. Prosjektet har imidlertid møtt «humpar i vegen» i form av usemje kring vegbreidde og -standard, noko som også spelte inn i høve til kostnaden ved å bygga 800 meter nyveg på nordsida av gardstuna.

«fordi det fanst vilje til å strekka seg på jakta etter ei felles løysing»

Dryge to år etter henvendinga frå fivelandsfolket ser det nå ut til at vegsaka får ein lukkeleg slutt. Partane i saka har sett seg ned og klart å komma fram til ein avtale dei alle kan akseptera. Mellom anna fordi det fanst vilje til å strekka seg på jakta etter ei felles løysing. Ei slik konstruktiv tilnærming er eit utmerka utgangspunkt for å finna dei god kompromissa. Både Saudefaldene, kommunen og grunneigarane fortener ros for å ha løyst denne vegfloken.

Dersom den politiske behandlinga går etter planen, kan det altså bli vegbygging på Fiveland alt til våren – til glede og nytte for både dei som bur der, kraftselskap, kommune og hyttefolk.