Det er i sentrumsstrøk refleksbruken aukar. Tilbake i 2015 var det berre 31 prosent som brukte refleks.
Det er i sentrumsstrøk refleksbruken aukar. Tilbake i 2015 var det berre 31 prosent som brukte refleks. FOTO: Trygg Trafikk.

Halvparten av oss er usynlege i mørket

Berre ein av to nordmenn brukar refleks. Det bør særleg bilførarane merke seg.

IRefleksteljingane for 2022 viser at 48 prosent av oss bruker refleks i mørket. Det er ein auke frå 46 prosent året før, og det er i sentrumsstrøk refleksbruken aukar. Tilbake i 2015 var det berre 31 prosent som brukte refleks.

– Utan refleks er du så godt som usynleg når det er mørkt ute og bilførarar har minimalt med tid til å reagere på når dei først ser deg. Haust og vinter er den perioden det er flest påkøyrslar av fotgjengarar. Sjølv om bilisten ber det største ansvaret, må fotgjengarar gjere det dei kan for å sikre at dei blir sett i god tid av dei køyrande, meiner Ann-Helen Hansen, som er kommunikasjonsrådgivar i Trygg Trafikk.

Dei fleste påkøyrslar skjer der fotgjengarar kryssar vegen. FOTO: Morten Brakestad

Senk farten

Trygg Trafikk tel refleksbruken i heile landet kvart år. I 2022 vart det gjennomført litt over 26.800 teljingar, med over 1900 teljingar per fylke. IPSOS har gått gjennom teljingane og sett saman rapporten. Ann-Helen Hansen seier det er ekstra viktig at bilførarar er merksame for mjuke trafikantar i skumring og i mørket, og at ein tilpassar fart og køyring etter sikt og forhold

– Hugs at ein av to fotgjengarar framleis ikkje bruker refleks, og at dei fleste påkøyrslar skjer der fotgjengarar kryssar vegen. Ver ekstra varsam inn og ut av kryssingar, seier Hansen.

Nordland best og Oslo dårlegast

Tidlegare undersøkingar viser at vi alle er samde i at det er lurt å bruke refleks, men at mange av oss gløymer å ta han med når vi går heimanfrå.

– Fest refleksar i jakkelommer, på sekker og baggar eller legg gjerne nokon i skoa, så er du sikker på at du ikkje gløymer dei når du går ut for dagen, oppmodar Hansen.

Nordland har som regel vore eitt av fylka med størst del refleksbruk og er også i år fylket der flest bruker refleks; med 62 prosent synlege trafikantar. Oslo er nedst på statistikken med 34 prosent.

(©NPK)