Herdis Solbrekk.
Herdis Solbrekk. FOTO: Privat.

Åpent brev til kommunen: Uverdig å måtta dela rom i siste fase i livet

Eg har den siste tida vore avhengig av hjelp frå Sauda kommune si omsorgsteneste. Grunna min sjukdom har eg først hatt fantastisk hjelp frå heimetenesta. Kan ikkje få skryta nok av den gode hjelpa dei har gitt meg. Dei er bare eineståande!

Nå er sjukdomen blitt verre og eg er for tida innlagt på Sauda DMS. Her får eg eineståande pleie og omsorg! Eg blir vekt om morgonen med eit smil og spørsmål om eg har sove godt. Dei gjer alt dei kan for å hjelpa oss, dei har det travelt, og dei gjer alt dei kan for at me som er her skal ha det så godt som me kan. Me får severt velsmakande mat frå eit godt kjøkken Så takk til dei gode kokkane!

Men det som ikkje er så bra er at de som styrer pengesekken og fordeler midlane ikkje prioriterer heilt rett i mine auger. Når ein heil avdeling i 1. etasje står tom grunna sparing – og me som er i den siste fasen i livet, må dela rom med andre! Det nekta eg på! Det er uverdig og bør ikkje vera noko kommunen bør vera stolte av.

Er det verkeleg noko de som styre kan tenka å gjera når det blir dykkar tur? Eg ser at det blir brukt millionar av pengar på oppussing av Rådhus og kino, og store bevilga midlar til Svandal. Eg set spørsmålsteikn med prioriteringane dykkar.

Det er på tide at de prioriterer det som bør vera det viktigaste: Liv og helse, og omsorg for alle oss som treng det mest i kommunen!