Ting ein bør ha heime i tilfelle ei krise. Dei grunnleggjande behova som må dekkjast dei første tre døgna av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon.
Ting ein bør ha heime i tilfelle ei krise. Dei grunnleggjande behova som må dekkjast dei første tre døgna av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. FOTO: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Kommisjon: Nordmenn må bli betre førebudde på kriser

Ein beredskapskommisjon meiner folk må vere betre førebudd på kriser. Styresmaktene bør gi råd om talet på dagar folk må klare seg sjølv ved forsyningssvikt.

– Vi lever i ei tid med store endringar og store konsekvensar. Og tida for å prioritere tryggleik og beredskap er no. Vi treng eit taktskifte i beredskapsarbeidet vårt.

Det sa Totalberedskapskommisjonens leiar, tidlegare forsvarssjef Harald Sunde, då han måndag overleverte rapporten frå kommisjonen til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Totalberedskapskommisjonen er leidd av tidlegare forsvarssjef Harald Sunde. Han la fram rapporten deira måndag formiddag. FOTO: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Vi har evaluert dagens beredskap og ser at vi har eit godt utgangspunkt, men at vi har eit stort behov for å forbetre beredskapen og nytenking.

Kommisjonen meiner at regjeringa må rette større merksemd mot alvoret i risiko- og trusselbiletet, og at råda om eigenberedskap må forsterkast.

– Råda bør derfor utvidast med omtale av det øvre krisespekteret. Dette omfattar både talet på dagar befolkninga må kunne klare seg sjølv ved forsyningssvikt, og ei tydeleggjering av kva scenario det må takast høgde for.

– Nordmenn må kunne meir enn eigenberedskap

Kommisjonen meiner også vi treng ei motstandsdyktig og uthaldande befolkning. Dei meiner at nordmenn må kunne meir enn eigenberedskap, men at også skuleverket, frivillige organisasjonar og verneplikt bør bidra til å byggje beredskapskompetanse i samfunnet.

Dei foreslår regionale og nasjonale kurs om totalforsvar, samfunnstryggleik og beredskap som skal tilbydast leiarar i det frivillige, organisasjonar og næringslivet.

Vidare foreslår utvalet at lokalt og regionalt nivå i beredskapen må styrkjast, og at det nordiske beredskapssamarbeidet må utvidast.

Dei vektlegg også at beredskapsrolla til frivillige organisasjonar må styrkjast. Det same må forsyningstryggleiken.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) tok imot rapporten frå totalberedskapskommisjonen måndag. FOTO: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Trusselbiletet har endra seg

Mehl seier at den grunnleggjande oppgåva til staten er å sikre tryggleik for innbyggjarane sine, same kvar ein bur i landet.

– Eg meiner det er avgjerande å kartleggje styrkar og svakheiter i den sivile beredskapen. Sist dette vart sett i samanheng var då sårbarheitsutvalet la fram utgreiinga si i 2000. Trusselbiletet har endra seg vesentleg sidan den gong. Denne rapporten vil bli eit viktig verktøy for å utvikle beredskap som står seg for framtida, seier justis- og beredskapsministeren.

– Berre to månader etter at kommisjonen starta arbeidet sitt, gjekk Russland til angrep på Ukraina. Det danna eit alvorleg bakteppe for arbeidet til kommisjonen, og gjer det ekstra viktig, seier Mehl.

Rapporten frå totalberedskapskommisjonen vil om kort tid bli send på offentleg høyring, til liks med Forsvarskommisjonens rapport.