Dei siste vekene har Ryfylke-tilsette måtta dra til ein matbutikk for å få eit Ryfylke-eksemplar til den fysiske avispermen til bedrifta. Avisa torsdag 11. april har dei tilsette ennå ikkje sett snurten av.
Dei siste vekene har Ryfylke-tilsette måtta dra til ein matbutikk for å få eit Ryfylke-eksemplar til den fysiske avispermen til bedrifta. Avisa torsdag 11. april har dei tilsette ennå ikkje sett snurten av. FOTO: Ingvil Bakka.

Avispakkar på avveie – Ryfylke fortvilar

Den nye ordninga med utlevering av Ryfylke-aviser i Sauda går slett ikkje knirkefritt. Fleire ventar framleis på den splitter nye torsdagsavisa denne veka.

I går, torsdag 11. april, gav Ryfylke ut den aller første torsdagsavisa, etter overgangen frå to papiraviser i veka til èi papiravis i veka. Det viser seg at fleire abonnentar, spesielt i Søndenålia-området, ennå ikkje har fått denne papiravisa i postkassane sine.

Heller ikkje Ryfylke-kontoret i bankbygget i sentrum har fått sin vanlege dunge med ekstra-aviser. Derfor har ikkje dei tilsette i Ryfylke aviser å levera ut til frustrerte abonnentar.

Årsaka til dei manglande Ryfylke-avisene er store utfordringar knytt til den nye distribusjonsløysinga.

Frå og med måndag 11 .mars i år starta den nye distribusjonsordninga for avisa Ryfylke – og andre papiraviser i distriktet vårt. Før blei Ryfylke levert ut til abonnentar og butikkar av Amedia. Nå er det Posten som leverer ut aviser for Ryfylke.

Men problemet er, etter alt og døme, ikkje Posten, som legg ned både tid og lokale ressusar i å få Ryfylke ut til kundane i Sauda. Problemet er at avispakkar, både dei som skal til Posten for utlevering til abonnentar og dei som skal til Ryfylke-kontoret i sentrum, hamnar på avveie – ein eller annan stad mellom trykkeriet på Stord, via Bergen og på vegen inn til Sauda. Både Ryfylke og Posten er fortvila over dei manglande avispakkane.

Etter at den nye distribusjonsordninga starta i mars har Ryfylke gitt ut sju papiraviser. Kun éin gong har pakken med aviser til Ryfylke-kontoret i sentrum dukka opp på nesten rett plass, til rett tid, om morgonen på utgivelsesdagen. Dei Ryfylke-tilsette har knapt sett si eiga papiravis den siste månaden.

Frustrasjonen er stor, og Ryfylke er så absolutt på ballen og krev at dei involverte aktørane ordnar opp, slik at Ryfylke sine abonnentar får avisa i postkassane sine dei neste utgivelsesdagane.

Dei Ryfylke-tilsette beklagar sterkt situasjonen overfor abonnentane sine, men ber om forståing i den spesielle situasjonen med ny distribusjonsløysing.

Me minner om at alle abonnentar kan logga seg inn med abonnementsnummer og passord, ved å klikka på «Eavis/arkiv» på www.ryfylke.net.