Kva skal vår nye marknadssjef jobbe med?
Som avisa Ryfylke sin nye marknadssjef vil du ha det overordna ansvaret for alle våre marknadsaktiviteter, inkludert salsstrategi, utarbeiding og gjennomføring av kortsiktige og langsiktige budsjettmål, samt planlegging og gjennomføring av kundemøte. Som leiar vil du ha ansvaret for sal av marknadsføring både på digitale flater og i vår papirutgåve som blir utgitt kvar torsdag.
Som marknadssjef vil du til dagleg jobbe frå eige kontor i fellesskap med resten av dei tilsette på avishuset. Du vil ha fri tilgang på vår bil, og det er forventa at du tilbringar mykje tid ute på kundemøter. Til dagleg vil du samarbeide med kollegaer innan sal og grafisk. Marknadssjef rapporterer til dagleg leiar.
Kva forventar vi?
Som marknadssjef har du svært gode kommunikasjonsevner. Du har evna til å være sjølvgåande, samt å være ein motivator for medarbeidarar rundt deg. Vi ønsker at vår nye marknadssjef er en humørfylt, utadvent og proaktiv leier som trivst med utfordringar og som sjølv blir motivert av gode resultat og måloppnåing.
I tråd med vår digitale satsing og utvikling, er det forventa at du har noko kunnskap om marknadsføring på digitale flater og i sosiale media. Som vår marknadssjef har du erfaring både med leiarskap og med sal og relasjonsbygging innan bedriftsmarknaden. Det er et fortrinn om du også har formell utdanning innan sal, leiarskap eller marknadsføring, men ikkje et absolutt krav. Sterke språklege formidlingsevner på norsk er imidlertid et krav. Ettersom det er avgrensa med kollektivtransport i vårt område, er det sterkt anbefalt å ha førarkort klasse B.
Kva kan vi tilby?
Avishuset Ryfylke har i dag fem tilsette innan leiing, redaksjon, kundemottak og grafiske tenester. Selskapet har en solid økonomisk ryggrad og held til i nyoppussa lokale midt i Sauda sentrum. Som marknadssjef vil du ha fast løn etter avtale, samt konkurransedyktige vilkår med tanke på gruppeforsikring og pensjonssparing. Avisa Ryfylke er ei AFP-bedrift, og alle våre tilsette er fagorganiserte. I det daglege verdset vi trivsel, humor og hyggelege lunsjsamtaler høgt.
Om avisa Ryfylke
Avisa Ryfylke er lokalavisa med indre Ryfylke som dekningsområde. Gjennom si 98 år lange historie har avishuset Ryfylke opparbeidd seg ein solid posisjon som leverandør av lokalt avisstoff, marknadsføring, grafiske tenester og trykksaker i vårt område. Avishuset har dei siste åra hatt sterkt fokus på digital utvikling og vekst, og kan vise til kraftig aukande lesartal på vår digitale plattform. Vi jobbar kvar dag hardt for å levere godt avisstoff, der menneska i vårt område står i sentrum.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- Ingvil Bakka, dagleg leiar: Tlf. 92056017 / e-post: ingvil@ryfylke.net
- Odd Magne Lønseth, styreleiar: Tlf. 95740894
Søknad og CV sendes til ingvil@ryfylke.net.
Søknadsfrist: Snarast
Flytte til Sauda?
Søker du på jobben frå ein annan stad enn Sauda, og lurar på om flytting til Sauda kan vere noko for deg? Klikk på lenka under for å lese og sjå kvifor Sauda er ein attraktiv stad å bu.
https://portalsauda.no/jobbe-bo-og-leve-i-sauda/ (ekstern nettstad)
Har du ein partner som også vil jobbe i Sauda?
Næringslivet og det offentlege i Sauda har eit tett samarbeid i arbeidsmarknaden, og Ryfylke hjelper gjerne til med å sette deg / de i kontakt med relevante aktørar i Sauda.