Når Sauda-ordførar Håvard Handeland skal kopla av ser han fotball saman med kompisane Joar Fiveland, Frikk Bratås og Theodor Fiveland Seim.
Når Sauda-ordførar Håvard Handeland skal kopla av ser han fotball saman med kompisane Joar Fiveland, Frikk Bratås og Theodor Fiveland Seim. FOTO: Ingvil Bakka

Kompisgjengen om ordførar-Håvard: – Fokusert, rettferdig, omsorgsfull og ser alle!

På dagtid er Håvard Handeland (19) ordførar i Sauda. På fritida ser han gjerne EM-fotball saman med dei jamgamle kompisane sine.

– I kveld heiar me på Italia. Men me trur Tyskland vinn heile EM, seier Frikk Bratås (20).

Ryfylke har fått komma på besøk i «Bulå», familien Handeland sin ungdomsbase i lokala under garasjen på Fløgstad. Det er her Sauda-ordførar Håvard Handeland koplar av saman med kompisane sine. Denne laurdagskvelden har han besøk av Joar Fiveland (20), Frikk Bratås (19), Theodor Fiveland Seim (20) og Lukas Øye (22) – fire kompisar som støttar Håvard Handeland i tjukt og tynt.

Fekk litt sjokk

Frikk Bratås hugsar godt sjokket då valresultatet var klart i september i fjor – eit resultat som førte til at ein av bestekompisane hans enda opp som ordførar i Sauda.

– Me kjenner jo Håvard, og veit jo at når han går inn for noko, så går han «all in». Men jo, det var litt sjokk at han skulle bli ordførar. Min umiddelbare tanke var at «nå må eg ta medisinstudiane åleine, utan Håvard», seier han.

19 år gamle Frikk synest det er vanskeleg å beskriva Håvard med bare tre ord.

– Han er veldig rettferdig, blir veldig fokusert når han går inn for noko og er svært omtenksam og ser alle. Han ringer meg fleire gonger i veka, bare for å spør korleis eg har det. Viss me i kompisgjengen skal ta ei avgjerd, for eksempel dra for å spela fotball eller å bada, så tar Håvard runden med alle. Viss han merkar at det er ein som ikkje er så gira, så gjer han det han kan for å finna løysingar slik at alle har det greitt, seier han.

– Ikkje «høg på pæra»

I dag, ni månader etter valet, er Håvard Handeland, eller «Hawi cat» som kompisane kallar han, framleis som før.

– Han han blitt «høg på pæra» nå som han er ordførar?

– Nei! Nei! Nei! Ikkje i det heile tatt! Gutane i «Bulå» er samstemte.

– Han er framleis den gode, gamle Håvard. Han er ikkje høg på pæra. Han er jordnær, slik han alltid har vore, presiserer Joar Fiveland.

Gjengen i «Bulå» denne laurdagskvelden består av engasjerte unge mannfolk, med klare framtidsplanar og tydelege meiningar. Fleire av dei skal reisa ut for å studera til hausten.

Frikk skal til legestudier i Praha, Theodor skal til Trondheim for å studera digital forretningsutvikling og Joar, som har gått YSK, skal til Trondheim for ingeniørstudier.

– Me diskuterer stadig vekk politikk. Men det har me alltid gjort, også før eg stod på Ap-lista og blei ordførar, fortel Håvard Handeland, som sjølv planlegg legestudier når han er ferdig med ordførar-gjerninga.

Kompisane støttar Håvard Handeland i tjukt og tynt. Bak, frå venstre: Joar Fiveland, Theodor Fiveland Seim og Frikk Bratås. FOTO: Ingvil Bakka.

Diskuterer politikk

Frikk Bratås stadfestar at dei politiske diskusjonane kan bli heftige enkelte gonger.

– Me er einige om mykje, men kan også vera veldig ueinige om saker. Då kan me diskutera høglytt, seier han.

– Me er gjerne litt delt i saker knytt til offentleg og privat sektor, påpeiker sosialisten og Ap-politikaren Handeland.

Han presiserer at han set stor pris på samværet og diskusjonane med kompisane.

– Det er godt å få bare vera meg sjølv saman med dei – og samtidig få litt «sparring» med dei i saker som opptar oss, seier han, som rundar 20 år i august.

Frikk er ikkje overraska over at Håvard både trivst og klarer seg fint i ordførarrolla.

– For å vera heilt ærleg, så forventa eg at det skulle gå bra med Håvard som ordførar. Eg kjenner han jo. Eg synest han har klart seg veldig bra. Som ordførar er jo Håvard ansiktet til Sauda utad, men han er jo ikkje heile partiet eller heile kommunestyret. Han har mange rundt seg, og tar ikkje alle avgjerder åleine. Det synest eg folk bør tenka på. Men Håvard har rygg til å takla det meste, seier han.

Fotballinteresserte

Gjengen i «Bulå» har kjent kvarandre sidan dei var små, nokre av dei sidan dei sat i sandkassen. Dei har også spelt fotball saman. Det er frå fotballmiljøet kallenamnet «Hawi cat» kjem frå. Ingen av dei veit heilt kvifor Håvard blei «Hawi cat» med kortversjonen «Hawi»– men poenget var at alle fekk kallenamn som enda med bokstaven «I» eller «Y».

– Det er bare Theodor som framleis speler fotball. Me andre valde å ikkje hoppa på toget vidare. Eller for å vera heilt ærleg; toget kom aldri til oss, kommenterer Håvard sjølvironisk.

Vennegjengen stilte med lag under juleturneringa i Saudahallen sist romjul. Altså like før ordførar-Håvard gjekk på ein smell.

– Me har delte meiningar om kor godt me gjorde det i turneringa. Ifølge Theodor skuffa me, me andre var ganske fornøgde, forklarer Håvard.

Lagnamnet var «Kappleik på deltid».

– Me kalla oss det, men tenkte ikkje på kva «kappleik» betydde. Me måtte etter kvart googla det. Det betydde noko heilt anna enn me trudde, fortel Joar smilande.

(Kappleik er, ifølge leksikon, ein konkurranse i norsk instrumental og vokal folkemusikk og bygdedans, red. merkn.).

Når hausten kjem drar dei aller fleste av kompisane til Håvard Handeland vekk frå Sauda for å studera. Håvard har framleis godt og vel tre år igjen av ordførar-vervet sitt i Sauda. Han innrømmer at det blir rart og kanskje litt tomt og einsamt når hausten kjem.

– Men eg tenker at det har både sine positive og negative sider. Det bli mindre sosialt, men eg kan nytta meg av frihelger og liknande til å ta turar på besøk, seier han.