– Det er ingen tvil om at nordmenn elskar naturen og ønskjer å verne han. Dei nye tala frå Opinion stadfestar dette, og viser at nordmenn ikkje berre er naturelskarar; dei er også naturvernarar, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, i ei pressemelding.
Eit representativt utval i befolkninga er spurt om forholdet sitt til naturen, naturtapet og klimaendringane. Her kjem det også fram at over 70 prosent er bekymra for tap av natur og meiner norske politikarar må gjere meir for å stanse klimaendringar og naturtap. Også restaurering av natur får støtte frå eit klart fleirtal av nordmenn. 71 prosent av dei spurde meiner at 30 prosent av øydelagt norsk natur bør gjenopprettast.