Utpå dagen torsdag begynte dei første abonnentane å ta kontakt med Ryfylke, då dei ikkje fann avisa i postkassen sin som venta. Avtalen med Posten, som distribuerer avisa for Ryfylke, er at abonnentar skal ha avisa i postkassen sin seinast klokka 17.00 om torsdagen. Mange valde derfor å venta tolmodig. Men Ryfylke-avisa dukka aldri opp i Sauda-postkassar denne torsdagen. Grunna ferietid var det kun to Ryfylke-tilsette på jobb den veka, og då desse kom på jobb fredag morgon starta ein telefonstorm ingen har sett makan til i Ryfylke si historie.
Travel dag
Fleire frustrerte abonnentar oppsøkte avislokala. I tillegg valde mange abonnentar å etterlysa avisa på epost og sms. Dei to tilsette hadde full hyre med å snakka med alle dei oppgitte abonnentane og rakk ikkje å få undersøkt kva som var årsaka til at avisa uteblei torsdag. Men, etter kvart viste det seg at avisa dukka opp i postkassen til folk utover dagen på fredag. Telefonstormen stilna.
Hamna i Sandeid
I dag, måndag, har Ryfylke funne ut kor det svikta i distribusjonen torsdag. Abonnementsansvarleg i Ryfylke, Jane Haukeland, fortel at alle Ryfylke-avisene som skulle til abonnentane i Sauda hamna i Sandeid tidleg torsdag morgon.
– Det viser seg at det har skjedd ein feil ved postsorteringa i Haugesund. Ryfylke-avisene som skulle til Sauda har hamna i kontainerkassen til Sandeid. Dermed blei desse avisene liggande i Sandeid, fortel Haukeland.
Tilsette ved Posten i Sauda oppdaga torsdag morgon at alle Ryfylke-avisene mangla, og fann ut at desse låg i Sandeid. Det blei då føreslått løysingar om å henta desse avisene inn til Sauda, men dette let seg ikkje gjera. Tilsette ved Posten i Sauda sendte då ein sms til ein tilsett i Ryfylke og informerte om dette, og forklarte at Ryfylke-avisene ville komma til Sauda fredag morgon, og at dei då ville bli levert ut til abonnentane i løpet av fredagen.
Problemet var at smsen blei sendt til ein Ryfylke-tilsett som var på ferie, og denne blei ikkje oppdaga før vedkommande var tilbake på jobb i dag, måndag, og opna jobbtelefonen sin.
– Dette gjer at me må sjå på rutinane våre, og sørga for at me til ei kvar tid sjekkar alle kommunikasjonskanalane våre grundig. Hadde denne tekstmeldinga blitt oppdaga alt torsdag morgon kunne me nok ha kunne dempa abonnentane sine frustrasjonar noko, med å informera om at avisa ville komma ein dag forsinka, seier Jane Haukeland.
Stort sakn
Sjølv om det har vore ei stor påkjenning for dei to tilsette som stod midt i frustrasjon- og klagestormen fredag, er dei tilsette også rørt over kor viktig lokalavisa er for abonnentane i Sauda.
– Dette viser at folk er avhengig av lokalavisa si og at det gjer vondt når avisa ikkje dukkar opp til avtalt tid. Me skal gjera alt me kan for at dette ikkje skal skje igjen, seier Jane Haukeland, abonnementansvarleg i avisa Ryfylke.
Slik blir lokala avisa Ryfylke laga og distribuert:
– Journalistar tar bilder og skriv artiklar i word-dokument.
– Marknadsarbeidar og grafikar hentar inn, tar imot og lagar annonsar.
– Grafikar lagar avissidene og annonsesidene digitalt.
– Dei ferdige, digitale avissidene blir sendt til trykkeriet på Stord onsdag klokka 14.00.
– Avisa blir trykt på Stord onsdag ettermiddag.
– Dei ferdige avisene blir seint onsdag kveld/natt til torsdag sendt frå trykkeriet på Stord til Haugesund for sortering hos Posten.
– Avisene kjem med budbil til Posten i Sauda tidleg torsdag morgon.
– Posten sine tilsette i Sauda kjører rundt med avisene til Ryfylke sine abonnentar i Sauda. Avtalen er at alle skal ha fått avisa innan klokka 17.00 torsdag ettermiddag.