Ikkje tida for tankeløyse

Hausten bankar på døra og julebordsesongen nærmar seg med stormskritt. Trass i avstandskrav og plikt til å vurdera risikoen for smittespreiing elles, kan julebordet fort bli eit arrangement byr på heftige utfordringar for smittevernet. Ein del av problemet dreier seg om alkohol.

«Koronakritikken retta mot ungdommen kan imidlertid fort bli ein boomerang»

Parallelt med starten av det nye studieåret fekk landet ei ny bølge av koronasmitte. Ein fellesnemnar for fleire smitteutbrot var fest og sosiale samkome der mange unge var samla. Frå å vera godt på den rette sida av eitt-talet for reproduksjon av covid-19, det såkalla R-talet, viser den siste oppdateringa frå Folkehelseinstituttet, FHI, at ein nå ligg på 1,26. Det inneber auke i talet på smitta. «Dei vaksne» har ikkje latt utviklinga gå upåakta hen. Kommentarfelta har til tider kokt av vaksne, ansvarlege menneske som har sagt tydeleg frå om kva dei meiner om den yngre garde si likesæle. Koronakritikken retta mot ungdommen kan imidlertid fort bli ein boomerang.

«lett å huska smitteverntiltaka før pinnekjøtet og juleakevitten»

Helseminister Bent Høie har sjølvsagt eit poeng når han går ut og ber julebordfeirande nordmenn om å visa særleg måtehald denne seinhausten. Som Høie seier: Det er lett å huska smitteverntiltaka før pinnekjøtet og juleakevitten, men vanskelegare etterpå. Det kan det verka som om ein herverande restaurant fekk ein forsmak på ganske nyleg, då skjenkekontrollørane avdekka det dei meiner er klare brot på krava til smitteverntiltak under eit arrangement. Alt gjekk pynteleg for seg tidleg på kvelden, men då kontrollørane dukka opp når det nærma seg midnatt, var festen, slik dei såg det, ute av smittevernkontroll.

For store delar av skjenke- og serveringsbransjen har det siste dryge halvåret vore svært utfordrande. Først i form av pålagt stenging. Seinare med avstandskrav og innskjerpa skjenketider. Færre folk i lokalet gir som regel redusert omsetning. Over tid kan dette gå på eksistensgrunnlaget laus. Særleg for dei som har juleborda som ei viktig inntektskjelde.

Ingen ønsker nye rundar med pålagt nedstenging av skular, barnehagar og næringsliv. Trass i at R-talet for tida ligg over 1, reknar framleis FHI smittesituasjonen som relativt stabil. Viss  julebordarrangørar og gjester huskar meteren heilt til lyset blir slått på, kan smitta haldast under kontroll også gjennom sesongen me nå er på veg inn i. Det er ingen grunn til å svartmala situasjonen for nokon av partane, for det går sjølvsagt fint an å kosa seg på julebord også i koronatida.