Politisk lyspunkt

Sauda har sjeldan vore så svakt representert i fylkes- og rikspolitikken som i dag. Med unntak av Asle Rafdal (Ap), fast møtande vara til fylkestinget og medlem i regional, kultur og næringsutvalet, er ingen saudabuar valt inn verken i fylkesting eller storting.

Lokalavisa Grannar kunne nyttårsaftan slå fast at heile tre av «deira» etter alt å dømma blir valt inn på Stortinget til hausten. Både varaordførar Tove Elise Madland (Ap), Terje Halleland (Frp) og Lise Marie Ness Klungland (Sp) står på «sikre plassar». Sauda har ikkje vore representert i nasjonalforsamlinga sidan Torfinn Opheim (Ap) forlet Løvebakken i 2013. I etterkrigsåra hadde industrikommunen inst i Ryfylke både Jakob Remseth (Ap) og Kjell Bondevik (KrF) på «tinget» i ei årrekke. Då Ingvald Ellefsrød (H) ein periode i tillegg møtte som vara, var Sauda så godt representert at osloavisene gjorde eit nummer av at den vesle kommunen hadde heile tre representantar, medan hovudstaden hadde sju.

«Å ha representantar inne frå tre ulike parti var utan tvil nyttig»

Også i fylkestinget har Sauda i periodar vist godt igjen. I perioden 2011-2015, til dømes, hadde både Klara G. Tveit (SV), Ivar Tangeraas (H) og Laura Seltveit (Ap) fast plass i fylkets øvste organ. Å ha representantar inne frå tre ulike parti var utan tvil nyttig med tanke på å formidla Sauda sitt perspektiv i viktige saker. Om dei tre var rivande ueinige på «heimebane», fann dei rett som det var tonen når det gjaldt å påverka på fylkesplan. Utan innsatsen frå desse tre, er det mellom anna usikkert om Sauda ville stått med ei ambulanselinje ved den vidaregåande skulen i dag.

Politikk handlar mykje om å søka kompromiss der ein får mest muleg gjennomslag for eigne synspunkt. Det gjeld å ha alliansar og gode kontaktnett. Og det gjeld å vera gode forhandlarar. I praksis er dei fleste saker som blir behandla politisk, avgjort før møtet blir sett.

Representantar i fylkes- og storting er sjølvsagt valt inn for å gjera ein jobb for heile fylket eller landet. Det er likevel ikkje til å komma forbi at det er ein stor fordel for eit lokalsamfunn å vera representert der sakene blir drøfta og forhandla, og der ein får høve til å utfordra representantar både frå eige og andre parti på problemstillingar med svært lokal forankring. Den fordelen mistar saudasamfunnet om ikkje lokalpartia klarer å få kandidatar inn på listene til stortings- og fylkestingsval.

«Engasjementet til dei to er eit svært hyggeleg lyspunkt»

I desember blei det klart at saudaungdommane Linde Espeland og Håvard Handeland det neste året er valt inn som to av ni representantar i ungdommens fylkesråd i Rogaland. Engasjementet til dei to er eit svært hyggeleg lyspunkt og eit eksempel til etterfølging for Saudas politiske miljø – i første omgang foran neste fylkesnominasjon.