Ikkje gjer som besteforeldra dine seier!

Utdanningsnivået i Norge stig. I utgangspunktet burde dette vore ei gladsak, men mykje tyder dessverre på at samfunnet er i ferd med å utdanna seg til trøbbel.

Prognosane fortel at enkelte yrkesgrupper er i ferd med å bli ein stor knappheitsressurs. Det slår alt i dag ut i Sauda, der delar av næringslivet slit med å tiltrekka seg fagfolk.

Tysdag fortalde NRK om 19 år gamle Mari, som trass fordommar og kritiske røyster har valt ei yrkesfagleg utdanning innan skogbruksnæringa. På vegen dit har Mari fått høyra at ho er for smart for yrkesfag, at ho har for gode karakterar for ei yrkesfagleg karriere, mellom anna frå tidlegare lærarar.

«Norge vil mangla 70 000 fagarbeidarar»

Fram mot 2035 meiner SSB at Norge vil mangla 70 000 fagarbeidarar. Særleg for helsefag og dei ulike handverksfaga er prognosane dystre. Slår varselet om 18 000 årsverk i manko i helsevensenet til, får dette alvorlege konsekvensar for landets produksjon av velferdstenester.

Historia om Mari stadfestar at fordommane mot yrkesfaga framleis har godt rotfeste. I Sauda var det «velkjend» at dei som hamna på «mask & mek» på yrkesskulen i Saudasjøen var dei som så vidt karra seg til ein Ng i samfunnsfag og engelsk på ungdomsskulen, som drog på seg anmerkningar nok til stadig å måtta stilla på «parade» hos vaktmeister Solland og som byrja å røyka alt på barneskulen. Med eit slikt rykte var det sjølvsagt bare dei færraste som støtta poden sitt val om å gå denne utdanningsvegen. Gymnas var framleis noko litt finare, men samstundes eit mål for dei som hadde ambisjonar om å senda dei unge, håpefulle på ei klassereise oppover til ei yrkeskarriere med høgare status og høgare løn.

«tida overmoden for framsnakking av yrkesfaga»

Det synest i dag å vera tverrpolitisk einigheit om at yrkesfaga treng eit statusløft og må satsast på. Samfunnet treng dyktige fagfolk i alle sektorar. Det er slett ikkje sikkert at akademikarar med ein halv million kroner i studiegjeld vil ha betre økonomi enn ein helsefagarbeidar eller elektrikar som har fått lønn under delar av utdanninga. Status er noko samfunnet gir – og nå er tida overmoden for framsnakking av yrkesfaga. Å hevda at yrkesfag ikkje er for dei skuleflinke er, som statsministeren ytra på Facebook tidlegare i veka, bare noko tull.

Søndag skal 60 000 tiandeklassingar i Norge velja utdanningsveg vidare. Er det nokon dei ikkje bør ta imot råd frå, så er det velmeinande foreldre og besteforeldre som ikkje synest yrkesfag er «fint» nok eller «passar for deg som er så flink».