I dag, fredag, hadde grunnskulen i Sauda sin siste skuledag, før åtte veker sommarferie står for døra. Utanfor avishuset dukka denne friske guttegjengen opp for å markere avsluttinga av skuleåret med stil. Først var det fram med barbermaskinen for å få på plass den ultimate sommarsveisen, i alle fall for nokre av dei. Deretter var det bare å kasta seg i fjorden og få seg eit forfriskende bad.
– Me gjer det for å feira at me er ferdige med niande klasse, kunne friskingane opplyse.
Badetemperaturen? Ifølge badetassen.no sim målar på Nesøyra, eit par kilometer unna, er det 12 grader…