Flytting av Vinmonopolet?

I «Ryfylke» fredag 5. november har Ordin Skorpe eit godt poeng mot å flytta Vinmonopolet frå sentrumskjerna til Coop-bygget. Som han seier blir det då nok eit tomt butikklokale i sentrum.

Sjølv om det er korte avstandar mellom butikkane i Sauda, er det viktig å ta vare på miljøet og eit variert vareutval på sjølve Øyra. Sauda har ei spesiell fin sentrumskjerne, men ingen ting er så deprimerande som tomme butikklokale og det er heller inga god reklame.

Eg oppfordrar politikarane til å gjera kva dei kan for at sentrum ikkje skal bli eit sentrum med tomme butikkvindauge.