Ta godt vare på kvarandre

I dag skriv me tysdag 21. desember, og det er bare tre dagar igjen til jul. Heller ikkje årets julehøgtid blir heilt som «vanleg», men for dei fleste blir likevel jula også i år eit godt høve til å senka skuldrane, nyta god mat og vera saman med sine næraste.

Juletradisjonane er i endring, som samfunnet og tradisjonar elles. Julemarsipanen er å få kjøpt alt i haustferien, radioen har spelt julemusikk minst lik lenge og pynting av juletreet er for mange ikkje lenger noko ein gjer litle julaftan, men gjerne fleire veker i førevegen. Det er delte meiningar om dette er bra, ønskeleg eller rett, men slik er det nå, uansett.

«lysa skaper hyggeleg stemning i ei elles mørk og grå årstid»

Stadig fleire vel også å lysa opp tilværet ved å henga opp metervis med lyslenker i hus og hagar. For nokre tiår sidan var slike utelys bare å sjå på nokre få grantre. I dag får alle slags tre og buskar i tillegg til rekkverk, portalar og husfasadar ekstra lys fram mot jul. Diskusjonane går om kor tidleg det er greitt å henga opp utelysa. Ein ting er i alle fall sikkert; alle lysa skaper hyggeleg stemning i ei elles mørk og grå årstid, både for dei som lyser opp og for dei som ser lysa.

«Det viktigaste er likevel tradisjonane med å tilbringa tid saman»

Julegåver, julelys og julemat er med på å skapa gode rammer rundt julehøgtida. Det viktigaste er likevel tradisjonane med å tilbringa tid saman med familie og venner. Kvardagslivet anno 2021 er for mange så fylt opp med gjeremål at tida ofte blir for knapp til sosialt samvere. I jula, då skulane har ferie og arbeidsfolk gjerne får høve til å ta nokre fridagar ekstra, samtidig som samfunnet elles set ned farten, har me betre tid til kvarandre.

Bruk juletida som nå ligg foran oss godt! Senk skuldrane. La mobilen få fred. Vêr sosiale, så godt det lar seg gjera med dei gjeldande smittevernreglane. Gå tur, hels på alle du møter og ønsk dei ei fortsatt god jul. Send ein blom til nokon du set pris på eller legg ei lita oppmuntring i postkassen deira.

Det skal ofte lite til for å spreia litt glede, eit «hei» og eit smil til nokon du møter på din veg kan bety mykje. Med eit krevjande år bak oss og nye utfordringar, som ikkje slepp taket, er det kanskje viktigare enn nokon gong å ha omtanke for andre og å ta godt vare på kvarandre gjennom julehøgtida.

Med varme ønske om ei fin jul til dykk alle.