Om målet er å få livsfriske og berekraftige gardar frå nord til sør, treng norsk landbruk ei endring i tråd med det land som Sveits og Austerrike har fått til, skriv forfattaren.
Om målet er å få livsfriske og berekraftige gardar frå nord til sør, treng norsk landbruk ei endring i tråd med det land som Sveits og Austerrike har fått til, skriv forfattaren. FOTO: Hilja B. Holden.

Jordbruk på blindspor

Norsk landbruk siglar i motvind forsterka av heftige medieinnslag den siste tida. Det fører til ei polarisering mellom meiningssterk opinion på eine sida og talsmenn for bondenæringa på andre. Det synest som det blir grave skyttargraver der målet er å angripa eller forsvara eit system som ikkje fungerer.

Oppi dette er det ikkje vanskeleg å applaudera bodskapen Trygve Slagsvold Vedum framfører når han snakkar om suksesshistorien som knyter seg til matproduksjon i heile det langstrekte landet vårt.   Men matsoga har skuggesider som ikkje minst blir synleggjort gjennom dei ulike medieoppslaga. No handlar  det mellom anna om matsjokk og matkasting som heng saman med overproduksjon og nedfrosne matlager med gibortpris for sauebonden sitt slakt som ein av konsekvensane. Tidlegare har me sett sjokkerande innslag om manglande dyrevelferd som me kunne tenkt oss å ha vore for utan. Utan å ta innover seg skuggesidene og å ta dei med i analyse og kvardagsskildring, blir ikkje soskinnssoga til Vedum truverdig.

Den uheldige situasjonen innan norsk jordbruk har røter bakover i tid. Eit drygt hundreår har rådgjeving og politikk drive fram praksisen me ser i dag med stordrift, effektivisering og sentralisering i fleire ledd med Nortura på Otta som siste døme. Det har forma seg eit industrilandbruk der pløying, plantevernmidlar, mekanisering og kunstgjødsel er viktige drivarar og hjelpemiddel, og der gardsdrifta har utvikla seg til eit jag etter å produsera mest mogleg på kortast mogleg tid. Slike vilkår let seg oppfylla på flate og lettdrivne jordbruksområde i sentrale strok, men let seg vanskeleg gjennomføra på kuperte og arbeidskrevjande  distriktsgardar.

Påstanden om eit jordbruk på feil spor ser eg også i lys av det mykje brukte, men upresise omgrepet berekraft. Til grunn for omgrepet ligg det tankar om å balansera mot framtida, ikkje øyda men forbetra, ikkje forbruka men forvalta dei livsviktige og nødvendige ressursane me rår over og der både miljømessige og økonomiske mål må stettast. I eit slikt perspektiv kling det ikkje godt å kasta mat, sprøyta med gift før me sår, å køyra dyr milevis til slaktebenken for å nemna noko. Bønder og tillitsvalde uttrykkjer også det meiningslause i dieselforbruket og dekkslitet jakta på areal og avling fører med seg. Den kritikken og min rettar seg i stor grad mot næringa sine eigne sentrale tillitsmenn og politikarar som har har eit medansvar for politikken som har ført til situasjonen me no er oppe i.

Men er det snakk om beksvart elende utan lysopning? Så visst ikkje, men om målet er å få livsfriske og berekraftige gardar frå nord til sør, auka verdiskaping og skapa berekraftig landbruk, må det endring til; ei endring i tråd med det land som Sveits og Austerrike har fått til med vriding av tilskot frå produksjon til areal. I like stor grad er det ynskjeleg med endra tilnærming til det å driva jordbruk; frå industrilandbruk med fokus på stordrift og produksjonsmengde, på forbruk meir enn forvalting, til eit meir naturnært jordbruk basert på naturen sine eigne premiss, og der eit hovudmål er å byggja ny jord ovanfrå og på den måten ta vare på og stimulera molduniverset med sine mikroorganismar som jordbrukaren er heilt avhengig av for å få godt og berekraftig resultat. Å fylgja slikt framtidsretta spor burde vera ei spennande og utfordrande oppgåve for unge bønder som skal dyrka jord inn i framtida og ikkje minst for politikarane og rettleiingskorpset som blir formgjevarane til dette framtidsjordbruket.