MEDDRAGSJERN: Når Knut Risvold Aalvik laftar, er meddragsjernet eit viktig verkty for å tilpassa stokkane. Heime i låven bygger han hyttene med heile vegger. Vindauge og dører vert først saga ut når han veit korleis hytta skal stå i terrenget. (Foto: Arvid Horpestad)

Held handverket i hevd

Ikkje mange i dag meistrar kunsten å lafta ei hytte. Knut Aalvik Risvold kan.

– Eg er veldig nøye på tømmeret. Det er kun furu som gjeld. Det lærte eg av Helmert Herheim, fortel Knut Risvold Alvik, og forklarer at eik eller ask, til dømes, er for mjukt tre til hans bruk.

«Hans bruk» tyder lafting, det vil seia å bygga utan å bruka spiker. Og prosessen startar med at han dreg opp i skogen sin i Nordstøldalen, der han vel seg ut den finaste furua. Trea som passerer nålauga skjer han opp til stokkar på 5×10 tommar. Så byrjar det verkelege arbeidet. Det vil seia, Knut Risvold Aalvik ser ikkje på det som arbeid, sjølv om tallause arbeidstimar ventar når stokkane er klargjorde. For han er det gleda over å meistra eit gammalt handverk, ein hobby, ei avkopling og ein fin måte å halda seg fysisk aktiv på som ligg bak når han laftar hytter i låven på garden like ved Risvoll skule.

– Eg har to bygg eg held på med her i låven. Det tredje har eg i hovudet – i form av å ha sanka tømmeret, seier han.

– Bygget me ser på her er vel det sjette eg laftar; eg bruker mange år på kvart bygg, legg han til.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her