– Så bra at du har spart til dette, rektor!
Eskil Stielstra måtte bortom til rektoren sin, Jannicke Hillestad Hatlen, og visa sin store glede over dei nye leikeapparata i skulegarden ved Risvoll skule i Saudasjøen.
I går, måndag føremiddag, blei det nye uteområdet ved skulen offisielt opna med stor jubel, stolt skuleleiing, glade lærarar og elleville elevar.
Leiinga ved skulen har, i nært samarbeid med foreldreutvalet, jobba lenge med å få på plass eit nyttt og spennande uteområde for elevane. Foreldreutvalet har spart opp 100 000 kroner, blant anna gjennom fleire grendakveldar. Under budsjettforhandlingane i fjor haust valde eit einstemmig formannskap, med arbeidarpartipolitikar Wenche Hoftun i spissen, å droppa toalettoppussinga på Rådhuset til fordel for uteområdet på Risvoll, som dermed blei tildelt 200 000 kroner. Dette gjorde at skulen kunne søka om tippemidlar for totalt 300 000 kroner, noko dei fekk innvilga. Dermed kunne uteområdet utgraderast for heile 600 000 kroner.
Rektor Jannicke Hillestad Hatlen rosar elevane og lærarane for deira tolmod i saka.
– Lærarane har vore fantastisk flinke til å legga forholda til rette for leik ute, dei har ofra matpausar og hatt fokus på antimobbing. På denne måten har elevane knytta vennskapsband på tvers av alderstrinna og har såleis ikkje lidd nokon stor naud, sjølv om leikepparata har vore få, forklarer Hatlen.
Innan skulestart til hausten skal delar av uteområdet også asfalterast og det skal komma på plass nye, grøne planter.
Ei kvinne, som har hatt barn og har barnebarn ved skulen, er så fornøgd at ho har donert heile 100 000 kroner til leiker til borna.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her