Trommis Svein Gulbrandsen og Ragnhild Ness tar gjerne ein svingom. Bak ser me Terje Sørland, Astrid Espeland og Helge Roti.
Trommis Svein Gulbrandsen og Ragnhild Ness tar gjerne ein svingom. Bak ser me Terje Sørland, Astrid Espeland og Helge Roti. FOTO: Ingvil Bakka.

Inviterer seniorar til dans

Sauda pensjonistforening og bandet Svein Helges startar med dansekveldar på Eldresenteret.

– Me ønsker å aktivisera yngre pensjonistar i alderen 60 pluss, eller gjerne 50 pluss også. Me vil legga liv til åra og bidra til at folk lever livet fullt ut. Aktivitet skaper trivsel og glede. Det er veldig lett å stivna vekk i godstolen, seier Ragnhild Ness, leiar i Sauda pensjonistforening.

Pensjonistforeininga har fått med seg det lokale bandet Svein Helges, og saman vil dei by på dansekveldar i Eldresenteret. Første dansekveld er tysdag i neste veke, der ein ser føre seg eit program på rundt tre timar. Kor ofte ein vil arrangera dansekveldane er avhengig av responsen framover.

Superklare musikarar

Bandet Svein Helges består av Terje Sørland på gitar, Svein Gulbrandsen på slagverk, Helge Roti på gitar og trekkespel og vokalist Astrid Espeland. To av medlemmene er sjølv pensjonistar.

– Me vil spela gode, gamle slagarar. Gammaldans og musikk det svingar av. Musikk som godt vaksne liker. Og kanskje ein og annan Queen-låt, humrar Terje Sørland, som har lang fartstid i Saudas musikkmiljø.

Bandet gler seg til å spela opp til dans for yngre og eldre seniorar.

”Då kan slike tilbod vera med på å bidra til at folk kjem seg ut…”

Den evigspreke spinningsinstruktøren og pensjonisten Svein Gulbrandsen trur konseptet kan slå an blant den godt vaksne garde i Sauda.

– Målgruppa er jo folk som var vane med å gå på dans i helgane som ungdommar. Dette er folk som liker og dansa og som kan dansa, seier han.

Også vokalist Astrid Espeland gler seg.

– Me gjer jo dette for moro skuld. Og så håpar me at me også kan laga det litt moro for andre.

 Viktig med det sosiale

Ragnhild Ness lovar dei frammøtte kaffi og vaflar. Ho presiserer at det også er lov til å komma kun for å høyra på musikken.

– Det er viktig å skapa eit sosialt fellesskap. Det er mange som bur åleine i Sauda. Då kan slike tilbod vera med på å bidra til at folk kjem seg ut og får vera sosiale saman med andre, seier ho.

Terje Sørland trur også at det er god medisin i sosiale dansekveldar.

– Legg vekk alle pillene og kom og dans heller. Dette er medisin i seg sjølv, oppfordrar han.