Ein annleis turistsesong

2020 blir etter alt å dømma året då dei utanlandske sommarturistane for ein stor del glimra med sitt fråvere. Det vil kunna by på utfordringar for den delen av næringslivet som til vanleg haustar deler av inntektene frå denne kundegruppa. Den avgrensa handlefridomen koronapandemien fører med seg, gir imidlertid også nye mulegheiter.

Det lokale næringslivet i Sauda har opplevd koronatida svært ulikt. Fleire har fått statleg pålegg om å stenga ned verksemda si, mange har valt å heilt eller delvia permittera tilsette medan andre igjen har oppretthalde tilnærma normal aktivitet. Dei aller fleste kan sjå spor av koronatida i rekneskapen. I det store og det heile er situasjonen utfordrande, men likevel på ingen måte heilsvart.

«næringslivet i Sauda har opplevd koronatida svært ulikt»

Sauda er først og fremst kjend som vinterdestinasjon, med tida frå vinterferien til og med påske som høgsesong. Dei siste tiåra er det imidlertid lagt ned mykje arbeid for å utvikla kommunen også som sommardestinasjon. Etableringa av Nasjonal turistveg Ryfylke, med gruveanlegget i Allmannajuvet som ein av hovudattraksjonane, har bidratt til at stadig fleire legg turen til Sauda, også frå utlandet.

At koronafrykt held utlendingane heime denne sommaren treng ikkje å vera det same som at sommarturistane til Sauda uteblir. Heller ikkje nordmenn kjem i særleg grad til å kryssa landegrensene denne sommaren. Mange vil likevel feriera, og brått vil det gamle slagordet «Norge, ditt næraste ferieland» vera meir aktuelt enn nokon gong. Mulegheitene er store for at talet på sommarferierande nordmenn vil få ein oppsving, ikkje bare i Sauda, men i heile landet.

«treng ikkje å vera det same som at sommarturistane til Sauda uteblir»

Auka tilstrøyming av éi kundegruppe i staden for ei anna gir sjølvsagt nye mulegheiter for næringslivet lokalt. Ja, fråfallet av våre utanlandske gjester vil kunna slå negativt ut. Like mykje kan det å lokka fleire nordmenn på besøk kunna gi positive ringverknader.

Det er bare tida og vegen for å klargjera strategiane for korleis ein skal få den uvanlege sommaren 2020 til å visa positivt igjen på botnlinja.