Trass i fleire lokale smitteutbrot dei siste vekene, er koronasituasjonen i Norge rekna for å vera under kontroll. I Sauda er det ikkje registrert smittetilfelle sidan i mars. Likevel opererer Sauda legesenter med koronaturnus. Ser kommuneoverlegen smittespøkelser på høglys dag?
«Ser kommuneoverlegen smittespøkelser på høglys dag?»
Både Ryfylke og Haugalandet har så langt hatt svært få koronasmitta innbyggarar. Sjølv om saudabuen naturlegvis også besøker andre kommunar, bidrar dei låga lokale tala til redusert fare for smittespreiing i vårt distrikt.
Diskusjonar om kva som er rett tiltak til rett tid vil ofte bli ein kamp mot etterpåklokskapen. Den nasjonale debatten blir fort ei blanding av fag og politikk om fortid og framtid, der den einaste eksakte kunnskapen er den om fortida. Den lokale debatten er i liten grad eksisterande; her har dei lokale helsestyresmaktene så langt fått rå grunnen åleine.
Smittevernrestriksjonar vil alltid innebera ei kalkulert meirbelastning for nokon. Èinmetersregel og god handhygiene er tiltak som verkar å vera godt innarbeidd blant folk. Belastninga desse medfører er små og godt akseptable. Når det kjem til smittevernregimet kring lokale helse- og omsorgstilbod, kan ein stilla spørsmål ved om Sauda kommune har lagt seg på ei for streng linje i høve til dei nasjonale rettleiarane.
«Smittevernrestriksjonar vil alltid innebera ei kalkulert meirbelastning»
I løpet av sommaren har avisa blitt kontakta av fleire pårørande til personar busett i omsorgsbustader og institusjonar for eldre i Sauda. Desse opplevde eit strengare regime ved besøk hos sine nære i Sauda enn andre stader dei kjende til.
I det siste er det stilt spørsmål ved om det kan vera nødvendig med koronaturnus ved legekontoret slik smittesituasjonen er i dag. Med halve staben i heimekontor, vil fastlegen for mange pasientar vera mindre tilgjengeleg enn til vanleg. Tiltaket vil sannsynlegvis óg føra til generelt lengre ventetider på legetime – og større belastning på dei tilsette.
For dei lokale helsestyresmaktene handlar koronaturnus og andre tiltak naturlegvis om å sikra at ein kan oppretthalda tenester om smittesituasjonen skulle forverra seg. Ein smitta ved legesenteret i ordinær drift ville raskt kunna føra til karantene og stengde dører i ti dagar. Dette er sjølvsagt noko som ikkje bør skje. Samtidig er det betimeleg å stilla spørsmål ved kvifor Sauda synest å vurdera faren for smittespreiing som større enn nabokommunane, og om ikkje koronaturnusen ved legesenteret kryssar den hårfine linja mellom kva som er rimelege og urimelege tiltak i kampen mot koronasmitta.