Korona-alvoret nærmar seg

Sauda har så langt sleppt billeg unna koronapandemien. Inntil nyleg var dei einaste kjende smittetilfella i kommunen frå tidleg i mars. Dei siste vekene har landet opplevd ei oppblomstring av smitte, også fleire av kommunane omkring oss. Smittetrykket i Sauda er også aukande, og alt tyder på at det bare er eit tidsspørsmål før også saudabuar testar positivt for covid-19.

«eit tidsspørsmål før også saudabuar testar positivt»

Fråveret av kjend smitte har gjort at saudabuen trass alt har kunna gå med ganske senka skuldrar gjennom kvardagen, så langt. Likevel har mange av smitteverntiltaka frå i mars blitt vidareført. Handsprit og avstand til andre har blitt ein del av kvardagen.

Med covid-19-smitta stadig nærmare, utviklar situasjonen i retning av å bli ein ganske annan enn me så langt har opplevd. Dei siste dagane er fem ulike smittelinjer som involverer saudabuar kartlagt. 40 innbyggarar er testa og har vore i karantene bare den siste veka.

I eit lite og tett lokalsamfunn som Sauda kan det at koronaspøkelset nærmar seg verka skremmande. Sjansane for å møta ein covid-19-smitta person på sin veg aukar frå dag til dag. Dette betyr at smittevern er viktigare enn nokon gong. Om saudabuen har vore rimeleg flinke på smittevern så langt, må ein nå vera ekstra pliktoppfyllande. I ein kommune med mange eldre og dermed mange i risikogruppa for covid-19-influensa, er det viktig at flest muleg tar del i denne viktige dugnaden.

«Om saudabuen har vore rimeleg flinke på smittevern så langt, må ein nå vera ekstra pliktoppfyllande»

Trass i at alvoret og covid-19 nå for alvor bankar på døra, er det viktig å hugsa at fokus på smittevern ikkje er det same som at alle må mura seg inne i heimen og ikkje snakka med andre, utanom på telefon. Målet må vera å leva mest muleg som normalt, samtidig som ein tar omsyn til pålegg og råd frå sentrale og lokale styresmakter og med det gjer ein innsats for å bidra til å avgrensa spreiinga av smitte.

Med andre ord – hald fokus på smittevern, hald avstand, hald humøret oppe og hald ut!