Sauda Idrettslag gav i 2018 langrennsanlegget i Slettedalen eit solid løft med ny lysløypetrase og nytt klubbhus/kafeteria.
Sauda Idrettslag gav i 2018 langrennsanlegget i Slettedalen eit solid løft med ny lysløypetrase og nytt klubbhus/kafeteria. FOTO: Knut Atle M. Seim/arkiv.

Prioriterer langrennsanlegg

Søker om totalt 4,5 millionar kroner i spelemidlar for 2021.

Ny løypetrasè, lysanlegg og klubb- og møtelokale ved langrennsanlegget i Slettedalen står øvst på Sauda idrettsråd si prioriteringsliste for spelemidlar for neste år. Det blei søkt støtte til alle dei tre tiltaka for første gong i 2018, men så langt har det ikkje vore midlar nok til fordeling til at søknadene har kunna imøtekommast.

Idrettsrådet har ført opp støtte til garasjebygg i Brattebakken og i Slettedalen som dei neste på lista. Alle dei fem prioriterte er tiltak i regi av Sauda idrettslag. Med på lista står også nye toalettbygg ved Klovstein badeplass i Åbødalen, ved Rødstjødnå og på Skeivane. Totalt blir det søkt om nær 4,5 millionar kroner i spelemidlar til Sauda for 2021.

I 2020 blei det innvilga 700 000 kroner til swimeye i uteopplæringsbassenget i Saudahallen og 82 000 kroner til nye nærmiljø-orienterinsgkart i Sauda og Saudasjøen. Summen som blei innvilga utgjorde 23,5 prosent av omsøkt sum.

Det er kommunestyret som fattar endeleg avgjerd om prioritering av spelemidlar. Dei folkevalde følger vanlegvis innstillinga frå idrettsrådet.