Barna frå Brakamoen hadde førebudd seg godt framfor minikonserten utanfor Åbøtunet, og kunne den eine songen etter den andre på rams.
Barna frå Brakamoen hadde førebudd seg godt framfor minikonserten utanfor Åbøtunet, og kunne den eine songen etter den andre på rams. FOTO: Ingvil Bakka.

Små livsglede-spreiarar på viktig juleoppdrag

Fire- og femåringane fekk ståande – og sittande – applaus frå takknemlege eldre.

Måndag, var elleve born frå Grønn avdeling i Brakamoen barnehage ute på eit viktig oppdrag i adventtida. Barnehagen deira, som ligg på Andersengja, er med i den landsomfattande livsgledebevegelsen ”Livsglede for eldre”. Ein livsgledebarnehage besøker og har kontakt med eldre i nærmiljøet sitt. Målet er å skape gode opplevingar for barn og eldre gjennom felles aktivitetar.

Det vesle treet i Åbøtunet-hagen er nå pynta med mange store, og flotte hjarte. FOTO: Ingvil Bakka.

Barna frå Brakamoen var ikledd gule Livsglede for eldre-t-skjorter, utanpå regntøyet denne nokså våte og gråe desembermåndagen. Med seg i den knallgule Livsglede for eldre-trillekofferten hadde dei med seg store, knallraude hjarte som dei hengde opp på det vesle treet mellom sjukehusbygget og Åbøtunet.

Men før pyntinga heldt borna ein liten minikonsert, der dei song fleire av julesongane dei har øvd på i fleire veker. Pasientar og bebuarar, som kom ut på balkongar og terrassar eller følgde med frå vindaugo, sette tydeleg pris på dei sjarmerande små gledespreiarane.

Brakamoen barnehage er eit livgledebarnehage, som skal bidra til å spreia livsglede rundt seg, spesielt mot eldre. FOTO: Ingvil Bakka.