Smittekappløpet

Samtidig som dei første dosane med Covid 19-vaksiner rullar over grensa til Norge, opplever landet ei ny oppblomstring av smitte. Den aukande smittetrenden bør vera ei påminning til oss alle om at pandemien slett ikkje er over.

Ifølge nasjonale helsestyresmakter vil Norge motta 40 000 vaksinedosar i veka den kommande tida. Med denne farten vil det gå meir enn to år før heile landets befolkning kan få tilbod om vaksinering. Etter kvart som nye vaksinar frå fleire produsentar blir godkjend, vil imidlertid tilgangen auka. Dei mest optimistiske prognosane tilseier at alle innbyggarane i Norge kan ha eit tilbod om vaksinering innan utgangen av tredje kvartal, altså innan slutten av september. Ni månader etter at pandemien oppstod er altså status at me må belaga oss på minst nye ni månader med tiltak og restriksjonar for å hindra spreiing av smitte.

«me må belaga oss på minst nye ni månader med tiltak og restriksjonar»

Sauda får i første tildeling bare 15 vaksinedosar. Også i vekene frametter vil det vera heller smålåtne kvanta som finn vegen hit. Lista over prioriterte mottakarar er lang, og det vil ta tid før folk flest får tilbod om vaksine. Dermed må saudasamfunnet belaga seg på nye månader med avgrensa handlefridom, avstand og handsprit.

«kan ha eit tilbod om vaksinering innan utgangen av tredje kvartal»

For ein kommune som har sleppt svært billeg unna koronasmitta så langt, kan det vera lett å falla for freistinga til å ta litt lettare på smitteverninnsatsen. Det er det ingen grunn til. Eit godt døme på kor raskt ting kan snu seg, er øykommunen Hitra i Trøndelag, som har eit innbyggartal omtrent som Sauda. Fram til 17. desember hadde bare eit fåtal innbyggarar testa positivt på viruset. Då starta eit smitteutbrot som til no har resultert i over 70 smitta med stengde skular og barnehagar som konsekvens.

Risikoen for store smitteutbrot vil gå ned etter kvart som stadig fleire av innbyggarane både i Norge og i Sauda blir vaksinert. Likevel vil behovet for ein felles dugnad for å halda smittetrykket nede vera til stades det meste av 2021. Det aller viktigaste tiltaket i løpet av året vil vera tilbodet om vaksine. Det tilbodet bør alle takka ja til. Om ikkje for vår eigen del, så i alle fall av omsyn til menneska ikring oss.