Viktig båtengasjement

Når den nye rutestrukturen er vedtatt, kan det bli svært vanskeleg å endre på den i mange år framover.

Kollektivtilbodet i Rogaland skal gjennom ei grundig evaluering. Etter at regjeringa kutta kraftig i overføringane til Rogaland fylkeskommune når det gjeld båt og ferjer, er det politiske fleirtalet i fylket tydeleg på at kostnadane må ned på sikt.

Heile rutetilbodet skal granskast og der all kollektivtrafikken på vegane skal evaluerast i samanheng med kollektivtrafikken i fjordsystemet

Endringar i rutestystemet, der utgangspunktet er å spare pengar, er ein skummel kombinasjon for Sauda. Ei kvar endring i båttilbodet som har vore diskuterte dei siste åra, der Sauda er involvert, har alltid handla om ein skal kutte i tilbodet. Dersom Kolumbus skal ha handa på rattet i den nye evalueringa, er det grunn til å frykte at Kolumbus vil gå i det same sporet og på nytt børste støvet av dei gamle kuttforslaga sine.

Men ei totalrenovering av rutestrukturen i Rogaland treng ikkje bety færre båtanløp til Sauda. Tvert imot må ein finne løysingar som både gir fleire båtavgangar og raskare reisetider, utan at det må koste meir pengar. Utviklinga skal gå framover og ikkje bakover.

Truleg er det dei berørte kommunane sjølve som må ta eit stort ansvar i denne prosessen. Kommunane må finne dei gode forslaga, og deretter kjempe for dei. Det er nå slaget vil stå om kommunikasjonane i fjordsystemet. Derfor er det prisverdig det engasjementet Thormod Gilje har vist, og mange andre innbyggarar som har sendt sine høyringsuttalelsar til Sauda kommune.

Når den nye rutestrukturen er vedtatt, kan det bli svært vanskeleg å endre på den i mange år framover. At Sauda er kommunen med lengst avstandar til dei store bysentra i sitt eige fylke, pluss lengst avstand til E134, er eit argument som må bli brukt for det det er verdt i hurtigbåtdebatten.