Gi oss ein ny radiograf!

Ein gong i sommar knipsar radiograf Bjørn Lian sitt siste røntgenbilde i røntgenavdelinga til det som ein gong var eit fullverdig sjukehus. Med Lians sorti står Sauda i fare for å mista eit viktig og godt helsetilbod. Det må ikkje skje!

Kampen for å behalda sjukehuset i Sauda blei tapt på 1980-1990-talet. Tilbodet i det som ein gong hadde vore eit topp moderne sjukehus, bygd av E. F. P. Co. Ltd. som ein del av konsesjonsvilkåra for å få bygga smelteverket, smuldra sakte, men sikkert bort. Etter ein periode med dagkirurgi og poliklinisk verksemd, var det i 2008 bare røntgentilbodet igjen. Skjønt, det er ikkje bare. I tillegg til symbolverdien har det å kunna ta røntgen i Sauda hatt stor betydning for både saudabuar og innbyggarar frå nabokommunane.

Ifølge Helse Fonna kostar røntgentilbodet i Sauda èin million kroner i året å drifta. Det må kunna seiast å vera ein svært overkommeleg pris!

«den generelle beredskapen i Sauda vil bli svekka kvar gong»

Den store gevinsten med eit lokalt røntgentilbod ligg sjølvsagt i samfunnsrekneskapen. Avdelinga i Sauda sparer kvart år saudabuen for mange titusenar av kilometer i bil, med tidsbruken, påkjenninga, forureininga og kostnadene dette fører med seg. For alle i arbeidsfør alder som eventuelt må til Haugesund i eit slikt ærend, går det mange arbeidstimar fløyten. Det offentlege vil pådra seg store kostnader til transport for alle dei som har rett til dette og ikkje minst, den generelle beredskapen i Sauda vil bli svekka kvar gong tilhøva gjer at transporten til røntgen i Haugesund må skje med ambulanse.

«gevinsten med eit lokalt røntgentilbod ligg sjølvsagt i samfunnsrekneskapen»

Den lokale røntgenavdelinga står dessutan i dag med moderne utstyr og kan gi pasientane tenester med høg kvalitet. Overføring av bilder til røntgenavdelinga i Haugesund skjer kjapt og enkelt. Ein kan nok hevda at det kan vera utfordrande å vera den einaste radiografen på staden, utan eit fagmiljø å støtta seg til. Dagens løysing er kanskje ikkje noko kven som helst kunne arbeida i, men i Sauda er me generelt gode på skreddarsaum og det bør ikkje vera umuleg å finna løysingar som gjer det meir attraktivt å vera radiograf i Sauda.

Det er betryggande å høyra at Sauda kommune alt er på ballen for å behalda det lokale røntgentilbodet – og at Helse Fonna ikkje er avvisande til kommunen sitt ønske. Ein pendlande radiograf vil kunna dekka store delar av behovet og kunna oppretthalda ei viktig teneste for saudabuar og folk i grannelaget. Men aller helst ønsker me oss ein ny, fastbuande «Bjørn Lian».