Dansarar frå Sauda kulturskule på Ropeid.
Dansarar frå Sauda kulturskule på Ropeid. FOTO: Skjermdump frå dansevideoen/Rune Håheimsnes.

Spelte inn dansevideo på Ropeid:

– Måtte finna på noko ekstra kjekt etter eit litt kjipt år

Danselærar Elina Sande Heimark opplyser at dei alt er i gang med å planlegga ein oppfølgar til Ropeid-videoen.

Hausten 2020 lanserte Sauda kulturskule dans for barn og unge på timeplanen. Det nye tilbodet har slått bra an.

– Me har over 30 dansarar. Det er heilt fantastisk, seier danselærar Elina Sande Heimark.

– Og både gutar og jenter?

– Ja. Og det er så kjekt at gutane vil vera med òg!

Planen var i utgangspunktet å ha to danseparti. Pågangen gjorde at ein måtte utvida, slik at det i dag er to parti for 4.- til 6.-klassingar og eitt parti for dei frå 7. klasse og opp til 3. klasse på vidaregåande skule.

Spelte inn video

I går, måndag, dukka det opp ein nyinnspelt dansevideo i sosiale medium der dansarar frå kulturskulen utfaldar seg på den nye rasteplassen på ropeidkaien. Borda, underlaget og dei spesielle lysa skapar ei heilt spesiell ramme rundt danseframføringa.

– Me heldt på frå fem-sekstida om ettermiddagen til halv to på natta. Me ville ha med oss både dagslyset, ettermiddagslyset og svarte natta, slik at lysa på rasteplassen blei tent, fortel Heimark.

Ideen til Ropeid-innspelinga står Heimark bak, saman med Rune Håheimsnes.

– Me hadde lyst til å gjera noko ute, med fjord, fjell og skog. Og så balla det på seg, seier Heimark.

Koreografien står ho sjølv for, Rune Håheimsnes og dronefotograf Charles Hauge står for filmarbeidet, medan artisten Aurora står for musikken med sin «Apple tree».

Foto: Rune Håheimsnes/Charles Hauge. Koreografi: Elina Sande Heimark. 

Danseglede

– Kvifor gjorde de dette stuntet?

– Eg hadde lyst til at me skulle finna på noko ekstra kjekt etter eit litt kjipt år med fleire avlyste timar grunna koronarestriksjonar. Og for å spreia danseglede.

– Kva syntest dansarane om prosjektet?

– Snapchatgruppa vår har kokt! Dei har gledd seg til innspelinga, vore spente på når videoen blei publisert og vore heilt i fyr og flamme. Opplevinga har gitt ein ekstra boost, akkurat som me hadde håpa.

Dansarane i videoen, er Alva Kalvik, Ella Aabø Hansen, Jessica Aaserød Søndenå, Jonas Enlid, Kamilla Øverland Løland, Kriståffer Næss Årtun, Linne Egge, Othilie Egge, Sanne Haug Birkeland, Silja Bruknapp Gjuvsland, Sol Tiril Valskår Solbrekk, Thilde Ringstrand Hugdal og Tone Lise Bøthun Vanvik, alle 7. – 9.-klassingar, i tillegg til danselærar Elina Sande Heimark.

– Med denne produksjonen vel i hamn, korleis skal de klara å toppa dette?

– Me er alt i gang med planlegginga av neste innspeling, til hausten, i Allmannajuvet. Då får me kanskje med oss musikarar frå kulturskulen òg, avrundar Elina Sande Heimark.