Landøyda ved Kastfossbrua.
Landøyda ved Kastfossbrua. FOTO: Knut Atle M. Seim.

– Riv han opp med rota, putt han i ein pose og kast posen i restavfallet!

Elin Tjordal ved landbrukskontoret oppmodar saudabuen om å vera med og fjerna landøyda.

Det er mange år sidan giftplanten landøyda foralvor fekk fotfeste vest i Agder. Nå spreier planten seg raskt både aust- og vestover, og er blitt vanleg å sjå også i Sauda.

Landøyda står i desse dagar i full blom, med gule blomar i klasar på stenglar opp imot ein meter høge. Vakker – men giftig – i første rekke for dyr.

Gir leverskadar

Spesielt er hest og storfe følsame for giftstoffa i landøyda. Betydelege mengder av planten gir leverskadar og dyra blir etter kvart avmagra og får illeluktande, mørk diaré. Giftstoffa blir igjen i planten ved tørking og ensilering (silofor).

– Planten bør absolutt fjernast frå beiteareal, slår Statforvaltaren i Rogaland fast på sine nettsider.

Planten er ikkje spesielt giftig for sauer. Det er han imidlertid for menneske, men bare viss ein et planten. Her, på HelseNorge sin nettstad,  kan du lesa meir om giftige planter og bær i Norge.

– Har informert bøndene

Ved landbrukskontoret i Sauda er landøyda sitt inntog i kommunen registrert.

– Me har sendt ut informasjon til alle bønder, det vil seia dei som mottar produksjonstilskot. Denne inneheld informasjon om planten og ein handlingsplan for nedkjemping av han laga av Statsforvaltaren saman med mellom andre bondelaget og fylkeskommunen. Planen fordeler ansvar for ulike tiltak for å bekjempa planten, opplyser Elin Tjordal.

– Kva med meinigmann? Skal me gjera noko om me kjem over denne planten?

– Ja! Riv han opp med rota, legg han i ein pose og kast han i restavfallet. Slik sikrar ein at planten blir brent opp, seier Tjordal.

Ein landøyda-plante lagar normalt eit par tusen frø, men kan ha opp til 30 000, som blir spreidde med fnokk, som løvetannen.

Fleire kommunar i Rogaland har tatt initiativ til folkedugnader for å nedkjempa landøyda. Statsforvaltaren ber alle om å registrera funn av planten i Artsdatabanken sitt rapporteringssystem Artsobservasjoner.no.

Dei som følger oppmodinga om å riva opp planten blir elles tilrådd å bruka hansker, då planten  har eit stoff i seg som kan gi blemmer dersom huda som har vore i kontakt med planten blir utsett for sollys.

Landøyda er for øvrig også kjend som vertsplante for det sterkt truga sommarfuglarten karminspinnar. Denne arten held først og fremst til på Rauer i Fredrikstad kommune, men har dei seinare åra også blitt observert i Agder og Rogaland.

Fleire uønska planter

Landøyda er i utganspunktet ein plante som har eksistert lenge i Norge, og han er derfor ikkje kategorisert som uønska, eller svartelista. Det er imidlertid artane kjempespringfrø og parkslirekne, som Ryfylke skreiv om i 2019.

Sauda kommune opplyste den gongen at artane var på OBS-lista deira, men at ein ikkje hadde kapasitet til å gjera noko aktivt for å hindra at dei spreier seg.