Kiellandbu ligg idyllisk til 800 meter over Fyksesundet i Kvam herad i Hordaland.
Kiellandbu ligg idyllisk til 800 meter over Fyksesundet i Kvam herad i Hordaland. FOTO: André Marton Pedersen / DNT

Mange drøymer om familiejul i ei primitiv hytte høgt til fjells – og nokre gjer alvor av det

Det er aukande interesse for å feire jul og nyttår på små DNT-hytter rundt om i landet. – Det enkle livet er ein komande trend, om det ikkje alt er det, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening.

– Vi ser at interessa for å reise bort og å oppleve noko anna aukar. Interessa for det enkle hytte- eller friluftslivet, og det å kople heilt av frå julestria, er meir og meir forlokkande for mange, seier generalsekretæren. Han fortel at det er særleg størst interesse for å vere på hyttene i romjula og i nyttårshelga, men at mange også vel det enkle hyttelivet på sjølve julaftan også.

Grethe-Lill Erdal gler seg til å feire jul på Kiellandbu saman med jentene Madalena (13) og Lenora (4) og sambuar Dan Jørgen Sørheim. FOTO: Privat.

Dan Jørgen Sørheim frå Bergen er ein av dei. Han skal saman med sambuar Grethe-Lill Erdal og dei to jentene Madalena på 13 og Lenora på fire, feire jula på Kiellandbu rundt 800 meter over Fyksesundet. Fyksesundet ligg inst inne i den veglause Fyksefjorden, ein arm av Hardangerfjorden i Kvam herad i Hordaland.

– Ei jul vi hugsar

– Målet vårt er å skape opplevingar og at det blir ei jul vi hugsar. Jenta på fire år gler seg stort, medan 13-åringen er litt meir skeptisk. Men erfaringsmessig blir ho begeistra når vi først er der, seier Sørheim til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at familien brukar mykje tid ute i naturen, men at det er første gong dei skal feire julaftan på ei DNT-hytte. Kiellandbu er ei lita hytte, berre seks sengeplassar, og sjølvsagt utan elektrisitet og innlagt vatn. To kokeplater på gass er det dei har å hjelpe seg med til julemiddagen.

– Vi er litt usikre på om det er snø nok i området til å gå på ski, men vi håper på det. For då kan vi ha med pulk. Alternativet er truger og ryggsekk, seier Dan Jørgen Sørheim.

Frå parkeringsplassen er det cirka seks kilometer og 200 høgdemeter opp til hytta. Dei må bere med seg alt, og det skal bli tradisjonell pinnekjøtmiddag med alt som høyrer til. Og gåvene blir heller ikkje att i vestlandshovudstaden.

Kiellandbu ligg i Bergsdalen og er eit svært populært Instagram-motiv. Det er strålande utsikt mot Fyksesundet og over på Folgefonna. Ein idyllisk stad i den norske fjellheimen.

– Det blir ei annleis jul med tid til å konsentrere seg om det jula handlar om, utan distraksjonar. Vi må koke vatn og hente ved, men det skal også bli julequiz og Yatzy, legg han til.

Det blir mykje fjell på familien denne jula. Etter opphaldet på Kiellandbu reiser dei heim til Bergen for eit par dagar, før det blir nyttårsfeiring enten på Hallingskeid eller Finsehytta. Dei har ikkje heilt bestemt seg enno kva hytte det blir.

– Ingen tvil om at fjellet kallar, seier han.

Alle slags menneske

Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening har inntrykk av at det er alle slags menneske som feirar jul hos DNT. Det kan vere kjernefamiliar som vil på eit annleis juleeventyr, eller par og vener som ikkje har så sterke juletradisjonar.

– Mange har barna annankvar jul og leitar etter noko å gjere i dei åra utan barn. Då tenkjer eg ei DNT-hytte er perfekt, seier han.

Dag Terje Klarp Solvang er generalsekretær i Den Norske Turistforening. FOTO: Per Hanasand / DNT

– Draumen om kvit jul er levande hos mange, og hytter med tidleg snø er freistande. Nær dei store byane er dei lettast tilgjengelege hyttene ettertrakta, men også kystledhyttene har blitt populære. Det ser vi i Oslofjorden og ikkje minst på Flokehyttene utanfor Haugesund, legg han til

Ålesund og Sunnmøre Turistforening fortel også at den nye Kolåstindhytta i Ørsta kommune får ein del julegjester, og det same gjeld Velleseterhytta i Sykkylven. Vakkerstøylen og Danskehytta i Tafjordfjella er også populære for dei som vil ha ei roleg og gammaldags julefeiring.

I år har det også vore rift om å leige Alnes fyr på Godøya utanfor Ålesund.

Held ope heile året

Den einaste betente DNT-hytta som held ope som vanleg i jula, er Haukeliseter i Vinje kommune i Telemark. Marknads- og arrangementsansvarleg Hennie Engedal Lindøe fortel at julefeiring hos dei blir stadig meir populært.

Det blir fullt hus både i jule- og nyttårshelga på Haukeliseter i Vinje. FOTO: Marit Nore / DNT

– Vi har ein tradisjon med å halde ope heile året. Vi skal også vere eit tilbod til dei som står vêrfaste på veg over Haukelifjell. Men dei siste åra har det vore full julefeiring her, og vi har fullt, 110 gjester, både i jule- og nyttårshelga. Og vi merkar at det blir stadig meir populært å feira jula her, seier ho.

Her får gjestene alle typar julemat og det er mange juleaktivitetar som fakkeltog eller hovudlykt-tog, alt etter vêrforholda, og det er mogleg å gå i stampen eller ta badstove.

Vakkerstøylen i Tafjordfjella passar perfekt for dei som har lyst å feire ei nostalgisk jul i fjellheimen. FOTO: DNT.

Det kjem alle typar menneske til fjells, både små og store grupper, og mange kjem år etter år. Haukeliseter er ei blanding av både hotellstandard og vanleg DNT-standard, slik at det skal vere noko for alle.

– Vi merkar at stadig fleire spør etter hotellstandard, men i god DNT-ånd har vi alltid plass og rom til alle gjester, avsluttar Hennie Engedal Lindøe.

Velleseterhytta i Sykkylven ligg midt i eit tinde-eldorado. Hytta med 11 sengeplassar er populær også i jule- og nyttårshelga. FOTO: DNT.