Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. FOTO: Eirik Dankel.

Helse Fonna går frå gul til grøn beredskap

Etter fleire veker med svært høgt belegg og mange korridorpasientar er situasjonen på sjukehusa i Helse Fonna no meir stabil, melder helseføretaket.

– Presset i akuttmottaka og på sengepostane er mindre, og sjølv om det framleis er mange pasientar innlagt, så er det ikkje så stort overbelegg lenger. Totalt sett har vi betre kontroll, og går difor ned eit beredskapsnivå. Men beredskapsleiinga følgjer nøye med situasjonen dag for dag og vurderer kva beredskap vi skal ha, opplyser administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna i ei pressemelding.

Han registrerer at tiltaka har hatt god effekt.

Måndag morgon var talet på utskrivingsklare pasientar sju. Det er det lågaste talet sidan før jul.

– God og tett dialog med kommunane har hjelpt, og dei har tatt imot mange utskrivingsklare pasientar. Vi håpar no å komme i gang att med fleire operasjonar og planlagt aktivitet, seier Klausen.​