Januar:
- Ved årsskiftet kunne Sauda summere opp 50 fødslar det siste året. Dette var det tredje året etter tusenårsskiftet at det blei fødd minst 50 ungar i kommunen.
- Knut A. Omdal går av som kommuneoverlege i Sauda. 64-åringen markerte seg som hardtarbeidande og handlekraftig under to år med krevande koronapandemi. Omdal var også kritisk til at rikspolitikarar i enkelte tilfelle overstyrte fagmiljøa under pandemien. Barbo Saltnes blir ny kommuneoverlege i Sauda.
- Elias Dybing frå Sauda IL gjekk til topps i 14-årsklassen i fristil under Oslo Skifestival i Holmenkollen.
- Thomas K. Oxaal frå Sauda går ankeretappen da Norge tar bronse på langrennsstafetten under Para-VM på Lillehammer. Oxaal får kort tid etter beskjed om at han er tatt ut til Paralympiske leiker i Bejing.
- Vinmonopolet skrinlegg planane om å flytte butikkutsalet ut av sentrumskjernen. Sauda kommune signaliserer tydeleg at dei ikkje ønsker å svekke aktiviteten i sentrum, tvert imot.
Februar:
- Hy2gen opplyser at dei ser for seg byggestart i 2024 dersom dei konkluderer med at dei vil bygge ammoniakkfabrikk på Birkeland i Sauda.
- Langrennsløpar Elias Dybing frå Sauda IL tar ein prestisjefylt siger i Ungdommens Holmenkollrenn i konkurranse med landets beste 14-åringar.
- Hanna Haugsvær frå Sauda blir nummer fire i kule under innandørs-NM i friidrett i seniorklassen.
- Mesteparten av dei nasjonale koronarestriksjonane blir avvikla på nyåret og koronabølga skyller for alvor over saudasamfunnet. Dei første ni dagane i februar blir det registrert 178 positive testar. Deretter eskalerer det og innan februar er omme er over 900 saudabuar registrert smitta i løpet av 28 dagar.
- Høge straumprisar får mange nordmenn til å markere sin misnøye. På Rådhusplassen i Sauda møter over 100 saudabuar opp i straumprisprotest.
- Saudabuen Julie Arnfred Bojesen, og mange andre, rømmer Ukraina der ho arbeider. Få dagar etter invaderer Russland Ukraina.
- Sauda Faghandel gir opp og legg ned butikken ti månader etter at dei opna butikkdørene i Rådhusgata.
Mars:
- Kommunestyrepolitikarar i Sauda er tydelege på at Sauda kommune skal strekke seg langt når det gjeld å ta imot flyktningstraumen frå Ukraina, éi veke etter at Russland gjekk til angrep. Sauda Røde Kors ber saudabuar støtte opp om Røde Kors sin innsamlingsaksjon til Ukraina, Salem Sauda startar innsamlingsaksjon av klede og utstyr og ei rekke barn, skuleungdommar og andre startar ulike former for innsamling.
- Tomas Karbøl Oxaal sikrar Sauda sin første medalje i Paralympics. Oxaal gjekk ankeretappen på 4 x 2,5 kilometer mix-stafett i langrenn.
- Kolumbus bestemmer seg for å utvide Hent Meg-tilbodet i Sauda. Ordninga blir utvida på kveldstid for å gi eit betre tilbod til unge etter skuletid.
- Dei første ukrainske flyktningane har kome til Sauda. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ber Sauda busette 90 flyktningar og Sauda kommune seier ja.
- Etter fleire forsøk over fleire år går Sauda Skisenter i gang med leilegheitsprosjekt rett ved skibakkane. DS Bygg er med på byggeprosjektet.
- Tømmerkaien i Saudasjøen blir offisielt opna. Oppgraderinga har kosta 7,5 millionar kroner og blir sett på som viktig for skognæringa i Indre Ryfylke.
- Olafr Jakobsson blir heidra med Norges Jeger- og Fiskerforbunds innsatsmedalje. Sidan 1985 har saudabuen instruert og lært opp nye jegerar i Sauda og Suldal på frivillig basis.